Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for helse og oppvekstfag 03. mars 2026

Tannhelsesekretær

Tannhelsesekretæren assisterer tannlegen, og har hovudansvaret for hygiene og smittevern på tannklinikken.

Arbeidsoppgaver

Tannhelsesekretæren jobbar tett på pasientar og pårørande. Som tannhelsesekretær har du hovudansvaret for smittevern og hygiene på tannklinikken. Difor må du kunne mykje om korleis du må verne om pasientanes tryggleik. Tannhelsesekretæren assisterer tannlegen i alle typar behandlingar. Derfor treng tannhelsesekretæren gode kunnskapar innan anatomi, fysiologi, patologi, materiellære og tanninstrument.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein tannhelsesekretær:

  • arbeid med smittevern
  • desinfisere, sterilisere og halde ved like instrument og utstyr
  • handtere tannmaterialar og dei vanlegaste legemidla
  • bestille behandlingsmaterialar
  • opptak av røntgen
  • enklare laboratoriearbeid
  • klargjere utstyr og instrument til pasientbehandling
  • yte service til pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • gjere administrativt arbeid som aktivitetsplanlegging, rekneskap, rapportering, innkalling og journalføring
  • kommunisere med pasientar, pårørande, samarbeidspartnarar i kommunehelsetenesta, NAV og forretningssamband

Tannhelsesekretæren kan sjølvstendig etter delegering legga til rette og utføra sykdomsforebyggende oppgåver retta mot den enkelte pasienten og setja lokalbedøvelse.

Tannhelsesekretærar er autorisert helsepersonell. Det er Helsedirektoratet som godkjenner og autoriserer etter at du har tatt utdanninga di.

Kor jobbar tannhelsesekretærar?

Aktuelle arbeidsplassar for ein tannhelsesekretær er innan den offentlege og private tannhelsetenesta, og dessutan i klinikkar ved dei odontologiske fakulteta i Oslo, Bergen og Tromsø. Du kan òg arbeide ved spesialklinikkar, for eksempel med kjevekirurgi eller kjeveortopedi. Du kan òg arbeide i Forsvaret.

Korleis er det å jobbe som tannhelsesekretær?

Kvinne i turkis t-skjorte på en tannlegekontor.

Tannhelsesekretær

Lejla Dzemila

– Hos oss er det høy aktivitet fra vi kommer på jobb til vi går hjem, forteller Lejla.
Portrett av Ina i hvit arbeidstøy

Tannhelsesekretær

Ina Matre

– Jeg alltid vært interessert og fascinert av tenner, sier Ina Matre og forteller om et veldig variert yrke.

Viktige egenskaper for en tannhelsesekretær

Som tannhelsesekretær må du kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre. Du må ha gode kommunikasjonsevner. Mellommenneskelege eigenskapar er viktig i møte med kollegaer, pasientar og pårørande. Du må òg arbeide effektivt og nøyaktig.

Kva tener tannhelsesekretærar?

Bedrifter: Kor jobbar tannhelsesekretærar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med tannhelsesekretærar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5134103 - TANNHELSESEKRETÆR
  • 5134105 - TANNLEGESEKRETÆR
  • 5134102 - KLINIKKFULLMEKTIG (TANNPLEIE)
  • 5134101 - KLINIKKASSISTENT (TANNPLEIE)
  • 5134104 - TANNLEGEASSISTENT

Andre yrke

Aktuar jobber med analyse.

Aktuar

Ein aktuar reknar ut finansiell risiko, og jobbar som oftast i eit forsikringsselskap.
Blomsterdekoratør Ingrid Marie Aarre med blomsterkrans i håret lager en blomsterkrans med rosa blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Industrimekaniker i arbeid

Industrimekanikar

Industrimekanikarar held ved like og monterer maskiner og utstyr.
Lydtekniker i arbeid

Lydteknikar

Som lydteknikar er du ansvarleg for at opptak, avspeling og formidling av lyd går føre seg på ein god måte.
Pianostemmer stemmer piano

Pianostemmar

Ein pianostemmar utfører stemming og vedlikehald av piano og flygel.
Mann testar spilldesign på Game Design Expo 2009.

Speldesignar

Ein speldesignar lagar dataspel.
Filolog studerer en bok på et bibliotek

Filolog

Filologen studerer språk, litteratur og kultur med fokus på historie, særleg eldre tekstar på originalspråket.
Rådgiver i offentlig sektor holder presentasjon.

Rådgivar i offentleg sektor

Rådgivar er ein vanleg stillingstittel for offentleg tilsett i Noreg.
En kvinne kledt i beskyttelsesdrakt lakkerer en bildør.

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.
Flygeleiar på jobb i tårnet på ein flyplass.

Flygeleiar

Ein flygeleiar følgjer med og styrer flytrafikken i og rundt Noreg.
Hovslager skor hest

Hovslagar

Hovslagarar arbeider med å sko hestar.