Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.
Om studiet
Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde tilbyr i fellesskap ph.d.-utdanning i helse- og sosialfag. Studiet er unikt i Norge då det både er tverrprofesjonelt og tverrfagleg, og rettar seg mot alle profesjonar i helse- og sosialsektoren.
Emnet i vitenskapsteori og etikk fokuserer på etiske problem og dilemma i arbeid med menneske, som er nært knytt til utøving av skjønn og fagleg autonomi. Slike dilemma er også til stades i forskninga sjølv, og det er viktig å gjere ph.d-kandidatane merksame på at forsking i seg sjølv er ei etisk ladda handling.
Emnet er åpent for søking for alle med relevant masterutdanning.
Våren 2026 går kurset i uke 16 (15.04 - 17.04) og i uke 21 (20.05 - 22.05). Kurset går i Volda. Opptaket åpner ca 3 mnd. før oppstart, med søknadsfrist ca 6 uker før oppstart. Opptaket blir gjort når søknadsfristen er ute.
Emnet i vitenskapsteori og etikk gir kunnskap om nokre av dei sentrale posisjonane i vitenskapsteorien, med særleg vekt på positivismen, positivisme-kritikken, fornufts- og institusjonskritikken og kritisk realisme. Desse posisjonane avspeglar nokre av dei sentrale spenningane i dette studiet.
Les meir om emnet her.