Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.
Om studiet
Studiet er retta mot barnehagelæraren, og gir ei innføring i utforskande digital praksis i barnehagen. Du skal lære å planlegge, praktisere, dokumentere og evaluere det digitale som ein del av det pedagogiske arbeidet. Studiet har ei studieavgift på kr. 2000.
Studieprogrammet gir gode høve til å utvikle eigne praktiske ferdigheiter, men også utvikle evna til å vurdere når og korleis digitale verktøy skal nyttast.
Målsettinga er at du skal utvikle din eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse (PFDK) og bidra med lokalt utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet.