Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Forskerutdanning/PhD
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
7
Lagre i favoritter

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Ph.d.-emnet bygger på lange opplysingstradisjonar, lokal utdanningshistorie og forsking på skriftkultur og lese- og skrivekunne – i tilnærmingar på tvers av profesjons- og disiplinfag. Studiet er eit obligatorisk innføringsemne i ph.d.-studiet «Utdanning, språk og kultur».  

Du vil mellom anna få kunnskap om humaniora sine tradisjonar og utfordringar, og om grunnlagstenking for skule, kultur og samfunn. Det vert sett eit kritisk blikk på kanoniseringsprosessar, på det ofte manglande transnasjonale perspektivet i nasjonaliseringsprosessar og på minoritets- og kjønnsdiskriminerande praksisar.

Opptakskrav

Grunnlaget for opptak er mastergrad eller tilsvarande med vekta snittkarakter B eller betre. Kandidatar med 5-årig integrert lærar- eller lektorutdanning må ha vekta snittkarakter B eller betre frå dei to siste åra i utdanninga. I særlege tilfelle kan ein kandidat med snittkarakter under B få opptak, dersom kandidaten kan dokumentere vitskapleg publisering eller anna som viser at kandidaten held høgt fagleg nivå, og som sannsynleggjer at kandidaten er i stand til å fullføre ph.d.-programmet. Utdanninga som dannar grunnlag for opptak må vere relevant for ph.d.-programmet. Normalt er dette humanistiske (inkludert medie- og kulturfaglege), pedagogiske, fagdidaktiske eller samfunnsvitskaplege fag.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Søk nå. Søknadskode: 5007

Alle utdanninger innen