Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.
Om studiet
Vil du ha ein viktig og meiningsfull jobb, der ingen dagar er like og du kan gjere ein forskjell for barn og unge? Fullført lektorutdanning gir deg ein trygg jobb med god startløn, og moglegheit for å få jobb i heile landet.
Kva lærer du?
Du skal opparbeide kunnskap og ferdigheiter som gjer deg i stand til å skape trygge og inkluderande læringsmiljø. Vidare skal du få kompetanse til å leie læreprosessar tilpassa elevar på ulike trinn og med ulike føresetnader og legge eit grunnlag for vidare profesjonell utvikling av eigen praksis.
Som grunnskulelærarstudent får du:
- Tilbod om utveksling tredje studieår
- Tilbod om praksis i utlandet
- Kort veg mellom campus og praksisskule
- Ta over heile praksisskulen siste praksisår
- God digital kompetanse, og tilgang til Læringsverkstaden
Kva jobb kan du få?
Master i grunnskulelærarutdanning 5-10 kvalifiserer i første rekkje til arbeid som lektor på mellomsteget og i ungdomsskulen.
Utdanninga kan også gi grunnlag for arbeid i andre skuleslag, ulike leiaroppgåverog yrke der pedagogikk og menneskekunnskap er viktig. Som lærar får du leiarerfaring på ulike nivå som gjer deg attraktiv i arbeidsmarknaden.
I Volda finn du eit godt og aktivt studiemiljø, med stort mangfald, men lite nok til at du blir sett. Høgskulen har lange tradisjonar for lærarutdaning og er kjent for eit fagleg sterkt miljø og tett kontakt mellom studentar og lærarar.
Opptakskrav
Opptaksinformasjon
Utveksling
Høgskulen i Volda har mange samarbeidspartnarar i utlandet og vi tilbyr utveksling til fleire internasjonale lærarutdanningsinstitusjonar i tredje studieår. Vi tilbyr også praksis i utlandet i fleire studieår.Det blir i tillegg arrangert studieturar til utlandet i regi av fleire fag i løpet av studiet.