Nøkkelinformasjon
Nivå
FagskolegradStudiepoeng
60Studieform
SamlingsbasertStudietempo
DeltidSøknadsfrist
15. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
Etterspurnaden etter kompetansen til arboristar er aukande. Fleire større offentlege bedrifter og kommunar stiller krav til denne kompetansen i anbod på vedlikehald av tre / grøntanlegg. Som arborist arbeider du profesjonelt med tre. Arborist er eit fysisk yrke og gjennom studiet må alle studentane arbeida praktisk i trekronene. God fysikk og det å tole høgder er nødvendig. Tilbodet er på Fagsulen Vestland sin studiestad Hjeltnes.
Opptakskrav
Spesielle opptakskrav / øvrig informasjon
Det er krav til fullført vidaregåande utdanning, innan ei av desse retningane:
- landbruk.
- gartnar.
- studieførebuande naturbruk.
Relevante fagbrev - Se hjemmesiden Fagskulen.no
Høgare relevant utdanning frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, eller høgskolestudiet innan landbruks- og naturfag samt skog- og utmarksfag, er kvalifiserande for opptak med realkompetanse.
Det blir stilt krav til dokumentert opplæring i bruk av motorsag. Dette kan eventuelt takast i første delen av fagskolestudiet.
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskole. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Opptaksinformasjon
Du søkjer via Samordna opptak