Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet 11. desember 2025

Yrkesfaglærar

Ein yrkesfaglærar er ein lærar med spesiell kompetanse innanfor eit fagfelt.

Arbeidsoppgaver

Yrkesfaglærarar har kunnskap om og underviser i ulike fag. Til dømes bygg- og anleggsteknikk eller helse- og oppvekstfag.

Yrkesfaglærarar deler eiga erfaring frå yrkeslivet sitt, og skal skapa trygge og gode læringsmiljø for framtidige fagarbeidarar. Som yrkesfaglærar skal du planleggja, gjennomføra og vurdera undervisning for å gi elevane forståelege, yrkesidentitet og motivasjon for å læra meir.

Som yrkesfaglærar kan du bidra til å skapa gode stader for læring. Både i klasserom, på verkstad og i arbeidslivet. Det er eit viktig yrke for både enkeltmenneske og samfunnet.

Som lærer må du hugsa at alle elevar er ulike. Nokon kan trenga ekstra hjelp eller tilrettelegging i undervisninga. Då skal du bidra til å få laga eit pedagogisk opplegg som gjer det enklare for barna å læra. Det kan du gjera saman med ein spesialpedagog.

Du må også klara å møta ulike situasjonar, som til dømes mobbing.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein yrkesfaglærar:

  • setja deg inn i læreplanar og læringsmål for faga
  • planleggja undervisninga
  • vurdera elevane og gi karakterar
  • skapa godt eit godt lærings- og klassemiljø

Du samarbeider tett med andre lærarar, rektor, undervisningsinspektør, avdelingsleiar og andre tilsette ved skulen. Det er også viktig å ha eit godt samarbeid med foreldre.

Kor jobbar yrkesfaglærarar?

Yrkesfaglærarar jobbar i grunnskulen og i yrkesfaglege programområde i vidaregåande opplæring.

Du kan også jobba ved opplæringskontor, folkehøgskular, i vaksenopplæringa eller andre arbeidsplassar som treng den pedagogiske eller faglege kompetansen din.

Korleis er det å jobbe som yrkesfaglærar?

Mann med svart genser ser rett i kamera og smiler. Det er brun bakgrunn.

Yrkesfaglærer

Henrik Thømt Hjort

– Du bør være god til å se det beste i folk rundt deg, og forsøke å gjøre dem så gode som mulig, forteller Henrik.
Portrettfoto av dame med brunt, litt krøllete hår. Hun har blå øyne og smiler mot kamera. Hun er ikledd en ullgenser med mariusmønster. Bak henne står det en blå stol.

Yrkesfaglærer

Helena Gaundal

– Det beste med å være yrkesfaglærer er at jeg kan være med ungdommene hver dag. Jeg kan være med å påvirke livet deres og gjøre en forskjell, sier Helena.
Portettfoto av Faglærer i design, kunst og håndverk Lisa Tomren

Faglærer i design, kunst og håndverk

Lisa Vik Tomren

– Jeg har alltid hatt interesse for å skape og være kreativ, sier Lisa Vik Tomren.

Viktige egenskaper for en yrkesfaglærar

Som yrkesfaglærar må du like å jobba med menneske. Du må klara å sjå kva kvar enkelt elev er god til, kva dei interesserer seg for og kva dei treng. Du må også sjå elevane som ei gruppe. Dei skal fungera godt saman og styrkja kvarandre.

Du må takla ein arbeidskvardag som er litt uføreseieleg. I tillegg må du oppdatera deg på ny kunnskap og forsking på området.

Kva tener yrkesfaglærarar?

Korleis utdannar du deg til yrkesfaglærar?

Det finst treårig bachelor-yrkesfaglærarutdanning ved tre av universiteta i landet. Lærarutdanning i yrkesfag byggjer på fagbrev, sveinebrev eller tilsvarande yrkesutdanning frå vidaregåande opplæring og minimum to års relevant yrkespraksis etter fagutdanninga. Dersom det er eit krav for å praktisera i yrket må studenten ha autorisasjon.

Du kan også studera eit profesjonsretta fagfelt på universitet og høgskule (på minst bachelornivå og ha to års yrkesrøynsle), og deretter ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Som lærer har du ei rekkje moglegheiter dersom du ønskjer vidareutdanning. Du kan eksempelvis vidareutdanna deg innan pedagogikk eller du kan fordjupa deg vidare i enkeltfag. Slike vidareutdanningsmoglegheiter blir tilbodne ved dei fleste høgskular og universitet i Noreg.

Videreutdanning for lærere i barnehage og skole
Universitet og høgskole
Se utdanninger og steder

Kva for ei utdanning er vanlegast for yrkesfaglærarar?

Bedrifter: Kor jobbar yrkesfaglærarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med yrkesfaglærarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3341102 - YRKESFAGLÆRER
  • 3341101 - FAGLÆRER (VIDEREGÅENDE SKOLE)
  • 3341103 - ADJUNKT (YRKESFAG)
  • 2320109 - PRØVENEMDSMEDLEM

Andre yrke

En astronom kikker på stjernene på nattehimmelen.

Astrofysikar

Ein astrofysikar studerer universet.
Elektroingeniør

Elektroingeniør

Elektroingeniørar arbeider med forbetring av eksisterande teknologi og utvikling av nye teknologiske løysingar.
Gullsmed i arbeid

Gullsmed

Som gullsmed skapar du smykke og andre gjenstandar av edle metall.
En kvinne med blondt hår og briller står ved et bord og måler opp et tøystykke. Hun befinner seg i en systue og det er manekenger og andre verktøy til søm i bakgrunnen.

Kjole- og draktsyar

Ein kjole- og draktsyar syr klede til enkeltkundar eller til små kolleksjonar.
En skipsmotormekaniker, også kalt motormann, inspiserer motorrommet

Skipsmotormekanikar

Ein skipsmotormekanikar held ved like og reparerer skipets motorar og andre mekaniske delar.
Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.
Vekter går på patrulje på kvelden

Vektar

Jobben til vektaren og/eller tryggleiksmedarbeidaren er å skape tryggleik gjennom å førebygge ulukker og lovbrot.
CNC-operatør jobber ved ei CNC-maskin

CNC-maskineringsoperatør

CNC-maskineringsoperatøren brukar datamaskiner til å styre mekaniske maskiner og lage komplekse delar i metall eller andre materialar.
Bilde viser et kontorlandskap hvor to menn lener seg mot en PC og snakker sammen

IT-administrator

Som IT-administrator skal du installera, drifta og halda ved like IT-infrastrukturen i ein organisasjon. Dette inkluderer maskinvare, programvare og nettverk.
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
To dansarar dansar moderne dans

Dansar

Som dansar brukar du kroppen til å uttrykke deg gjennom rørsler. Ein dansar må ha rørsleglede, god fysikk, musikalitet og uthald. I tillegg må du vere kreativ og like å samarbeide.
Barnehagelærar saman med barn.

Barnehagelærar

Som barnehagelærar er du med på å skapa eit trygt og omsorgsfullt miljø for barn gjennom leik, læring, omsorg og danning.