Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Kristiania 23. juli 2025

Webdesignar

Som webdesignar lagar du internettsider og kan arbeide med både innhald og design.

Arbeidsoppgaver

Ein webdesignar kan arbeide med både innhald og design på nettside, og mange webdesignarar har òg mykje kompetanse på programmering. Nokre gonger skil ein mellom webdesignar og webutviklar eller systemutviklar når det gjeld desse arbeidsoppgåvene. Webutviklaren har gjerne meir kompetanse på programmering, medan webdesignaren kan mykje om utforming av nettsider.

Korleis arbeidsdagen ser ut kjem an på kvar du arbeider. Dersom du driv eige selskap vil ein del av tida gå til å ha kontakt med kundane og marknadsføre firmaet. Er du derimot tilsett i eit større firma som leverer tenester innan webdesign vil du i hovudsak arbeide med utvikling og design.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein webdesignar:

  • lage spesifikasjonar av bestillingar
  • teikne skisser, skjermbilde, prototypar med meir
  • designe brukarvennlege nettsider og applikasjonar
  • gjennomføre brukartestar, overvake og analysere bruk av nettsider
  • kundemøte og kundekontakt

Ein webdesignar må ha forståing for brukarane sin åtferd på internett, og vere i stand til å lage nettsider som gjør brukaropplevinga best mogleg.

Webdesignaryrket er i rask utvikling. Det er viktig å halde seg oppdatert, både når det gjeld teknikk og programvare, og på korleis internettbrukarar navigerer og leiter etter informasjon på nettsider.

Kunnskap om interaksjonsdesign er ein fordel. Yrket webdesignar har fellestrekk med mediegrafikar, grafisk designar, mediedesignar, front end-utviklar og interaksjonsdesignar. Mange webdesignarar er utdanna som interaksjonsdesignar.

 

Kor jobbar webdesignarar?

Som webdesignar kan du vere tilsett i verksemder som sel webdesigntenester til andre verksemder, eller i store verksemder som treng sine eigne webdesignarar. Du kan òg drive eige føretak, som sjølvstendig næringsdrivande.

Bli med ein webdesignar på jobb

Korleis er det å jobbe som webdesignar?

Profilbilde av en kvinne i hvit genser sitter på en blå kontorstol.

Webdesigner

Monica Myklebust

– Du må være nysgjerrig! Du må følge med i tiden og utforske hva som rører seg, sier Monica.
Portrettbilde av webdesigner Tommy Gamst Vitikka. Han har på seg grå genser over en grå skjorte og et fjell i bakgrunnen.

Webdesigner

Tommy Gamst Vitikka

Å være UX-designer handler mye om å finne ut av behovet til kunden, forteller Tommy Gamst Vitikka som driver Europas nordligste digitalbyrå.

Viktige egenskaper for en webdesignar

Som webdesignar må du ha estetisk sans og gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Du bør vere strukturert og kunne takle tidspress og eit høgt arbeidstempo.

Kva tener webdesignarar?

Korleis utdannar du deg til webdesignar?

Webdesignarar kan ha svært ulik utdanningsbakgrunn. Nokre er sjølvlærte, medan andre har høg formell kompetanse innan til dømes webdesign, multimediadesign, grafisk design, macdesign eller programmering. Du kan utdanne deg både på høgskole- og universitetsnivå, samt på fagskole.

Dei som har utdanning for yrket jobbar som?

  • 516409 - Fagskoleutdanning, interaksjonsdesign, toårig
  • 654108 - Høgskolekandidat, informasjonsteknologi, treårig
  • 554136 - Fagskoleutdanning, web- og multidesign, toårig
  • 554167 - Fagskoleutdanning, webdesign, ettårig
  • 554137 - Fagskoleutdanning, webkandidat, ettårig
  • 654124 - Bachelor, webbaserte tjenester, treårig

Bedrifter: Kor jobbar webdesignarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med webdesignarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3471129 - WEBDESIGNER
  • 3471118 - WEB-DESIGNER
  • 3471140 - UX-DESIGNER

Andre yrke

Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar jobbar du med akuttmedisin, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade.
Bussjåfør kjører inn på busstasjon

Bussjåfør

Som bussjåfør er di viktigaste oppgåve å transportera passasjerar på ein trygg, miljøvennleg og komfortabel måte.
Fu-operatør styrer undervannsfarkoster

FU-operatør

FU-operatøren styrer undervassfarkostar og andre undervassverktøy.
Interiørkonsulent ser gjennom stoffprøver

Interiørkonsulent

Interiørkonsulentar planlegg gode og funksjonelle løysingar for innreiing av rom, alt frå private heim til bedriftslokale.
Markedsfører viser fram planar på et møte.

Marknadsførar

Ein marknadsførar utarbeider, formar og lanserer kampanjar for bedrifter.
Politibetjent med politihund

Politibetjent

Politibetjentar jobbar for å skapa tryggleik i samfunnet, og kan arbeida med alt frå patruljering og ordensteneste til etterforsking.
Ung kvinne med langt brunt hår i en hestehale og mørkeblå sykepleieruniform, står og trekker medisin inn i en sprøyte.

Sjukepleiar

Som sjukepleiar jobbar du med menneske. Du førebygger og behandlar sjukdom.
Osteopat behandlar nakke.

Osteopat

Osteopatar behandlar plager i musklar og skjelett. Dei ser korleis kropp, sinn og livssituasjon påverkar helsa vår.
Maskinist sjekker instrumenter

Maskinist

Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av teknisk utstyr og maskiner om bord på skip og plattformer.
Kvinnelig bonde mater sauer

Agronom

Agronomar arbeider praktisk med drifta av ein gard.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Mannleg forskar dypper slangar i reagensglas.

Forskar

Ein forskar arbeider systematisk og strukturert med å auke den gjeldande kunnskapen vår og å finne ny kunnskap.