Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Norsk taxiforbund 15. november 2022

Taxisjåfør

Som taxisjåfør transporterer du passasjerar.

Arbeidsoppgaver

Ein taxisjåførar fraktar passasjerar og får vanlegvis informasjon og oppdrag via ein taxisentral. Du treng ikkje vera tilknytt ein taxisentral, men då må du ha eit drosjeløyve.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein taxisjåfør:

  • fraktar passasjerar mot betaling
  • følgje med på beskjedar frå taxisentralen om kva kundar som skal hentast kvar
  • hjelpa passasjerar med å lasta inn og ut bagasje
  • yta god service gi assistanse til kundar som har behov for det, eksempelvis personar med nedsett funksjonsevne

Du må ha god kunnskap om trafikken og tenka trygging og komfort i alle fasar av arbeidet. Du må òg ha god lokalkunnskap om løyvedistriktet ditt. Dersom du eig eigen taxi, må du òg ha kunnskap om økonomi, dataverktøy og bil. For å verte taxisjåfør må du ha drosjesjåførkompetanse. Han består av ein teoriprøve og ei eigen oppkøyring på ein av Statens vegvesen sine trafikkstasjonar. DU kan lese meir om teoriprøven for drosjesjåførkompetanse på Statens vegvesen sine heimesider.

Kor jobbar taxisjåførar?

Taxisjåførar er tilsette av taxieigarar, som i dei fleste tilfelle er knytte til ein taxisentral. Dersom du har taxiløyvekurs, kan du også eige ein eigen drosje og starte ei eiga verksemd, dersom du tar eit taxiløyvekurs.

Korleis er det å jobbe som taxisjåfør?

Dame med svart hår, holder solbriller i hendene. Hun har på rød skjorte. Sitter i en bil.

Taxisjåfør

Tatjana Swensson

– Det jeg liker best med jobben min, er at jeg kan hjelpe dem som ikke kan gjøre så mye selv og at jeg kan være en del av folk sine liv, sier Tatjana.
Portrettbilde av taxisjåfør Ali Nadim Rehman

Taxisjåfør

Ali Nadim Rehman

– Det er kjempegode muligheter til å bli taxisjåfør, de trengs hele tiden, sier Ali Nadim Rehman.

Viktige egenskaper for en taxisjåfør

Som taxisjåfør må du fyrst og fremst like å køyre bil. I tillegg må du takle stressande situasjonar og ha ei positiv innstilling til menneske. Du bør kunne handtere menneskelege og trafikale utfordringar på ein god måte.

Kva tener taxisjåførar?

Korleis utdannar du deg til taxisjåfør?

Du treng inga formell utdanning for å bli taxisjåfør, men for å ha lov til å køyra taxi må du få utskrive køyresetelen til politiet i tillegg til førarkort. Viss det er første gangen du skal ha køyresetel må du først gjennomføra vegvesenets drosjesjåføreksamen.

Når du har fått køyresetel kan du søka jobb hos ein drosjeeigar eller ein taxisentral. Ulike taxisentral kan i tillegg ha ulike krav til kurs.

Dersom du sjølv ønsker å starta ei eiga bedrift og eiga eigen taxi, må du søka om drosjeløyve. Det er fylkeskommunen som gir ut drosjeløyve, og både enkeltmannsforetak og selskap kan søka om løyve. Når du har fått løyvet, kan du køyra for deg sjølv eller vera knytt til ein drosjesentral.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Dersom du ønskjer å starte ei eiga verksemd eller ha ein eigen taxi, kan du ta eit taxiløyvekurs. Du må oppfylle ei rekkje krav for å få taxiløyve. For å få innfridd søknad om taxiløyve krev ein at du har god vandel, ordna økonomi, fullført teoretisk opplæring og vanlegvis minst to års praksis som taxisjåfør (kan i visse tilfelle sjåast bort frå).

Bedrifter: Kor jobbar taxisjåførar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med taxisjåførar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 8321109 - TAXISJÅFØR
  • 8321107 - RESERVESJÅFØR (DROSJE)
  • 8321103 - SJÅFØR (DROSJE)
  • 8321102 - DROSJESJÅFØR
  • 8321101 - BUDSJÅFØR
  • 8321101 - BUDSJÅFØR
  • 8321105 - PIZZASJÅFØR
  • 8321106 - SJÅFØR (BUDBIL)

Andre yrke

Barnehageassistent leser med barna.

Barnehageassistent

Som barnehageassistent hjelper du til med de daglege aktivitetane og gjeremåla i ein barnehage.
En kvinnelig fengselsbetjent i uniform står ute og snakker med en mannlig innsatt i oransje klær.

Fengselsbetjent

Fengselsbetjentar har ansvar for å følgja opp, rettleia og motivera menneske som sonar fengselsstraff.
Historiker studerer bok.

Historikar

Historikarar jobbar med å skape forståing for og kunnskap om den historiske utviklinga til menneska og verda.
En kranfører sitter i bua og ser mot kranen som han styrer

Kranførar

Kranførarar køyrer ulike kraner på byggeplassar, i hamner og i offshoreindustrien.
En møbelsnekker lager en stol på en benk

Møbelsnikkar

Ein møbelsnikkar vel, formar og set saman materiale til møblar og innreiingar.
Rørlegger

Røyrleggar

Ein røyrleggar tilpassar, monterer, installerer og reparerer sanitær- og varmeanlegg og andre røyranlegg.
Båtbygger jobber på båt.

Båtbyggar

Båtbyggarar produserer, reparerer og held ved like båtar.
Onkologen fører ein person inn i ei strålemaskin

Onkolog

Som onkolog er du en lege som behandlar pasientar med kreft.
En grafisk produksjonstekniner står ved en stor printer

Fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk

Som fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk produserer du ulike grafiske produkt.
Astronauter

Astronaut

Ein astronaut er ein person som er utdanna til å manøvrere eller arbeide om bord i eit romfartøy.
Elektrikar i arbeid, stripser fast kabler

Elektrikar

Elektrikarar monterer, bygger og held ved like elektriske anlegg og elektrisk utstyr.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.