Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med NSF - Norsk sykepleierforbund 15. september 2023

Sjukepleiar

Som sjukepleiar jobbar du med menneske. Du førebygger og behandlar sjukdom.

Arbeidsoppgaver

Ein sjukepleiar førebygger og behandlar sjukdom. Du kan jobbe med akutt eller kronisk sjuke og med personar som har utfordringar med den psykiske helsa si eller rus.

Sjukepleiarar jobbar med menneske i alle livsfasar, frå fødsel til død. Dei jobbar og med menneske frå alle kulturar og samfunnslag. Derfor er det viktig å vere flink til å kommunisere og samhandle.

Ein sjukepleiar skal ha kompetanse og haldningar som sørger for like tilbod om helsehjelp for alle.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein sjukepleiar:

  • helsefremjande og førebyggande arbeid gjennom undervisning og veiledning
  • behandle sjukdom og lindre plager og ubehag
  • gi omsorg og redde liv
  • observere og vurdere tilstanden til pasientane og behov
  • administrere medikament og utføre prosedyrer
  • lære folk å leve eit liv med sjukdom, meistring og rehabilitering
  • utføre helsekontroller
  • ta vare på både pasienten og dei pårørende
  • delta i fagutvikling og forbedringsarbeid
  • bruke teknologi og digitale løysingar som støttar pasientar og pårørande

Ein viktig del av arbeidet til ein sjukepleiar er å koordinere helsetenestene til pasienten og samarbeide med andre yrkesgrupper som er involverte i pasientbehandlinga. Det kan vere pårørande, anna helsepersonell, politi, teknisk personell og liknande. Som sjukepleiar må du kunne leie og ta ansvar for dette samarbeidet.

For å kunne jobbe som sjukepleiar må du søke om autorisasjon etter du har bestått alle eksamenar og praksisperiodar i bachelorgrada. Du får autorisasjon gjennom Helsedirektoratet.

Nokre sjukepleiarar vel etter kvart å ta ei mastergrad eller vidareutdanning og spesialisere seg. Då kan du blant anna bli:

Kor jobbar sjukepleiarar?

På sjukehus jobbar sjukepleiarar på alle avdelingar: på akuttmottak, fødestover, kirurgiske og medisinske avdelingar. 

Sjukepleiarar jobbar også på: 

  • sykehjem
  • bo- og rehabiliteringssentre
  • helsestasjoner
  • i skolehelsetjenesten
  • psykisk helsevern
  • i bedriftshelsetjenester
  • rådgivningstjenester
  • Forsvaret. 

Sjukepleiarar har hovudansvaret innanfor helsetenesta i kommunane. Dei leiar sjukeheimane og heimesjukepleia. Du kan og jobbe med forsking og undervisning. Det er mogleg å jobbe i utlandet, for eksempel i ein hjelpeorganisasjon.

Bli med ein sjukepleiar på jobb

Korleis er det å jobbe som sjukepleiar?

Skallet mann med hvit sykepleier uniform. I uniformslommen er det ulike figurer. Mannen har hendene i lommene på uniformen.

Diabetessykepleier

Glenn Frode Vanglo

– Målet mitt er at pasientene skal kunne leve trygge og gode liv med diabetes, med minst mulig belastning i hverdagen og lavere risiko for komplikasjoner senere, forteller Glenn Frode.
Ung kvinne med langt brunt hår i en hestehale, smiler til kamera i en mørkeblå sykepleieruniform. I bakgrunnen er det utsikt gjennom vinduet til skog og fjell.

Sykepleier

Juni Engeberg

– Det er en utdanning som er verdt mye i arbeidslivet, men også i det daglige livet, sier Juni.
Med et stort smil åpner Christina Livgard til Prindsen Mottaksenter i Oslo. Et lavterskeltilbud for den hardeste rusen i hovedstaden.

Spesialsykepleier innen psykisk helse og rus

Christina Livgard

Skadereduksjon og overdoseforebygging er selve kjernen i jobben til Christina Livgard. På mottakssenteret i Oslo sentrum er døra åpen for de som trenger det.
Portrettbilde av en internsivsykepleier. Hun har blå uniform, grått hårnett og smiler i kamera.

Anestesisykepleier

Lisa-Mari Øyre

De fleste sykepleiere flyr mellom pasienter, men når vi har én pasient, så sitter vi med den helt til de er ferdige med operasjonen sin, sier Lisa-Mari Øyre, anestesisykepleier på Diakonhjemmet.
Sykepleier Erik Tørud står med hendene i siden iført hvitt arbeidstøy med navneskilt. Han har tatoveringer på armene, mørkblondt, kort hår, litt skjegg og bart. Han smiler til kameraet. Bak ham er det skjermer og apparater som han benytter i jobben.

Sykepleier

Erik Tørud

Erik Tørud var aktiv som barn, og det ble noen turer til legevakten. Det var der han fikk ideen om å bli sykepleier.
Portrett av sykepleier Sille Næsheim

Sykepleier

Sille Næsheim

– Da jeg var nyutdannet søkte jeg på 20 jobber som sykepleier, og fikk 19 av de, sier Sille Næsheim.

Viktige egenskaper for en sjukepleiar

Ein sjukepleiar må vere omgjengeleg, handle raskt og sjølvstendig. Du bør kunne leie kritiske situasjonar. Du må tørre å ta ansvar og kunne sette deg inn situasjonen til pasienten, slik at du klarer å hjelpe pasienten best mogleg. Du må også vere flink til å kommunisere med både pasient, pårørande og kollegaer. I tillegg må du vere innstilt på å lære å bruke datateknologi og teknisk utstyr, og følge med på forsking innan det du jobbar med.

Kva tener sjukepleiarar?

Korleis utdannar du deg til sjukepleiar?

Viss du ikkje har studiekompetanse kan du på nokon høgskular og universitet søka på sjukepleieutdanninga på grunnlag av realkompetanse.

Videreutdanning

Vidareutdanningane stiller krav til fullført grunnutdanning, autorisasjon som sjukepleiar og vanlegvis å ha jobba eitt til to år som sjukepleiar. Dette kan du lesa meir om på den enkelte viderutdanning.

Videreutdanning for sykepleiere
Universitet og høgskole
Se utdanninger og steder
Videreutdanning helse og omsorg
Universitet og høgskole
Se utdanninger og steder

Kva for ei utdanning er vanlegast for sjukepleiarar?

Kva jobbar sjukepleiarutdanna med?

  • 6611 - Sykepleiefag
  • 7611 - Sykepleiefag

Det finst mange sjukepleiespesialiseringar.

Sjå oversikt

Bedrifter: Kor jobbar sjukepleiarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med sjukepleiarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3231114 - SYKEPLEIER (PSYKISK HELSEAREID)
  • 3231113 - FAGKONSULENT (SYKEPLEIER)
  • 3231112 - OPPLÆRINGSSYKEPLEIER
  • 3231111 - LEDENDE SYKEPLEIER
  • 3231110 - DAGSENTERLEDER (SYKEHJEM)
  • 3231109 - SYKEPLEIER
  • 3231108 - POLIKLINIKKSYKEPLEIER
  • 3231107 - DISTRIKTSLEDER (SYKEPLEIER)
  • 3231106 - ASSISTERENDE OVERSYKEPLEIER
  • 3231105 - HYGIENESYKEPLEIER
  • 3231104 - ASSISTERENDE AVDELINGSSYKEPLEIER
  • 3231103 - OFFENTLIG GODKJENT SYKEPLEIER
  • 3231102 - HJEMMESYKEPLEIER
  • 3231101 - BEDRIFTSSYKEPLEIER
  • 2230128 - LEDENDE SPESIALSYKEPLEIER
  • 2230127 - RØNTGENSYKEPLEIER
  • 2230124 - AVDELINGSSYKEPLEIER
  • 2230123 - ANESTESISYKEPLEIER
  • 2230122 - PSYKIATRISK SYKEPLEIER
  • 2230121 - PEDIATRISYKEPLEIER
  • 2230119 - PEDRIATISK SYKEPLEIER
  • 2230117 - NARKOSESYKEPLEIER
  • 2230116 - BARNESYKEPLEIER
  • 2230115 - FAGUTVIKLINGSSYKEPLEIER
  • 2230114 - KREFTSYKEPLEIER
  • 2230112 - KLINISK SPESIALIST (SYKEPLEIE)
  • 2230110 - GERIATRISYKEPLEIER
  • 2230107 - SPESIALSYKEPLEIER
  • 2230106 - OVERSYKEPLEIER
  • 2230104 - OPERASJONSSYKEPLEIER
  • 2230103 - ONKOLOGISYKEPLEIER
  • 2230101 - INTENSIVSYKEPLEIER
  • 1228146 - SJEFSSYKEPLEIER (OFFENTLIG VIRKSOMHET)

Andre yrke

Ung mannlig baker setter bakverk i ovnen

Bakar

Bakarar arbeider med å laga brød, bagettar, kaker og anna bakverk.
To personer står i et rom hvor reisverket i tre vises. Den ene personen har på seg gul refleksvest og hvit vernehjelm og peker en tommestokk mot den ene planken. Den andre personen har på seg hvit t-skjorte. Bilde er tatt nedenfra. De ser bort fra kamera.

Yrkesfaglærar

Ein yrkesfaglærar er ein lærar med spesiell kompetanse innanfor eit fagfelt.
Helsesekretær

Helsesekretær

Som helsesekretær er du utdanna sekretær tilpassa helsevesenet.
Konduktør

Konduktør

Ein konduktør er ansvarleg for togpassasjeranes sikkerheit om bord i toget og ved av- og påstiging.
Musikkpedagog underviser elevene i å spille fiolin.

Musikkpedagog

Musikkpedagogen underviser i musikk. Som musikkpedagog må du ha ei evne til å inspirere og til å formidle vidare kunnskap.
En kvinne jobber med regnskap på en pc med en stor perm på bordet

Rekneskapsførar

Rekneskapsføraren hjelper kundane med rekneskapen og gir økonomisk rådgiving som sikrar lønnsam drift.
Økonomisjef

Økonomisjef

Økonomisjefen har ansvaret for økonomien i ei bedrift.
Nevrolog

Nevrolog

Som nevrolog er du lege med spesialisering på sjukdommar i nervesystemet.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Akrivar sorterer filer i arkivet.

Arkivar

Ein arkivar syter for at dokumentasjon blir bevart og gjort tilgjengeleg.
Dyrepleier undersøker hund

Dyrepleiar

Som dyrepleiar hjelper du veterinæren i det daglege arbeidet. Arbeidsdagen består av omsorg, pleie og behandling av dyr.
Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.