Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for håndverk, design og produktutvikling 21. februar 2022

Møbelsnikkar

Ein møbelsnikkar vel, formar og set saman materiale til møblar og innreiingar.

Arbeidsoppgaver

Ein møbelsnikkar produserer møblar og innreiingar. Møbelsnikkaren er involvert frå skisseteikninga til utviklinga av det ferdige produktet. Nokre møbelsnikkarar utfører også restaureringsarbeid.

Vanlege arbeidsoppgåver for møbelsnikkaren:

  • bruke og halde ved like maskiner og handverktøy
  • velje riktige materiale, forme dei og sette dei saman
  • designe, teikne og konstruere 
  • montere møblar ute hos kundar

Som møbelsnikkar teiknar du både for hand og på data. Ein møbelsnikkar samarbeider ofte med møbeltapetseraren. Møbelsnikkaren er ganske lik andre snikkaryrke, som for eksempel trevaresnikkar. 

Kor jobbar møbelsnikkarar?

Ein møbelsnikkar jobbar ofte på snikkarverkstader. Møbelsnikkaren kan også jobbe på sjukehus, teater, museum eller i TV-produksjonar. Nokre vel å jobbe i industrien, der dei driv med produktutvikling og framstilling av prototypar. Nokre møbelsnikkarar er også sjølvstendig næringsdrivande.

Bli med ein møbelsnikkar på jobb

Korleis er det å jobbe som møbelsnikkar?

En mann sitter ved siden av et skrivebord og ser rett mot kamera. Han har bart og kort, brunt hår og har på seg en svart t-skjorte med logoen «Slevik Trevare». Bak ham er et vindu med utsikt mot skog.

Møbelsnekker

Måns Sjøstrand

– Ekte håndverk krever kunnskap, erfaring, presisjon og en følelse for materialet, og det er vanskelig å erstatte med teknologi, sier Måns.
En mann i arbeidstøy og en liten lue, smiler stort. Han er i et verksted.

Møbelsnekker

Teodor Frømyhr-Andersen

– Å være møbelsnekker er vel så kreativt som å jobbe med musikk. Samtidig er det konkret, sier Teodor.
Portrettbilde av Robert Lato

Møbelsnekker

Robert Lato

Jeg valgte å bli møbelsnekker fordi sløyd var mitt favorittfag på ungdomsskolen og jeg var veldig fascinert av treverk, sier Robert Lato.

Viktige egenskaper for en møbelsnikkar

Som møbelsnikkar må du vere nøyaktig, fordi alle mål går på millimeteren. Du bør du vere kreativ og praktisk. Du må ha estetisk sans. Du bør også like å lage ting med hendene, i tillegg til å teikne og konstruere produkt. Du bør kunne planlegge og organisere ditt eige arbeid.

Kva tener møbelsnikkarar?

Korleis utdannar du deg til møbelsnikkar?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Vil du ta videregående som voksen? Se hvilke tilbud som finnes!

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Du kan ta meisterbrev i faget. Les meir om meisterutdanning. 

Kva for ei utdanning er vanlegast for møbelsnikkarar?

Kva jobbar møbelsnikkarutdanna med?

  • 458338 - Møbelsnekkerfaget, Vg3
  • 458325 - Møbelsnekkerfaget, Vg3 (gammel ordning)
  • 458309 - Møbelsnekkerutdanning, videregående, avsluttende utdanning
  • 458321 - Trevare- og møbelsnekkerfaget, VK II

Bedrifter: Kor jobbar møbelsnikkarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med møbelsnikkarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7421116 - MØBELSNEKKER (HÅNDVERKSPRODUKSJON)
  • 8141128 - PRODUKSJONSARBEIDER (MØBELINDUSTRI, TREBEARBEIDING)
  • 7421131 - PRODUKSJONSARBEIDER (MØBELSNEKRING)
  • 7421129 - MONTØR (MØBLER,MARKISER)
  • 7421128 - MØBELMONTØR
  • 7421125 - SPESIALARBEIDER (SNEKKER)
  • 7421122 - FAGARBEIDER (SNEKKERI)
  • 7421109 - MASKINSNEKKER
  • 7421108 - BENKESNEKKER
  • 7421105 - INNREDNINGSSNEKKER (HÅNDVERKSPRODUKSJON)

Relaterte lenker

Andre yrke

AFIS-fullmektig på jobb i tårn.

AFIS-fullmektig

En AFIS-fullmektig gir informasjon til luftfartøy på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Forsikringsrådgiver snakker med kunde.

Forsikringsrådgivar

Hovudoppgåva til forsikringsrådgivarar er å tilby og gi råd til kundar om kva typar forsikring dei treng.
Idrettskonsulent i snølek.

Idrettskonsulent

Ein idrettskonsulent legger til rette for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet.
Lektor gir musikkundervisning.

Lektor

Ein lektor er ein lærar med mastergrad frå universitet eller høgskule.
Pedagog underviser voksne elever i klasserom

Pedagog

Ein pedagog er ein person som har studert pedagogikk, enten i lærarutdanninga, barnevernsutdanninga eller som eige fag på universitetet.
Fire personer sitter i et staselig rom i et hus. Det er en stor peis og fine, grønne dører på hver side. Det er to damer og to menn, de sitter to og to i brune skinnsofaer og prater.

Sosiolog

Sosiologen har kunnskap om mennesket som individ og mennesket som ein del av ei gruppe, og brukar dette til å forstå korleis menneske fungerer saman.
Bilskadereperatør pusser lakk på bil

Bilskadereparatør

Ein bilskadereparatør rettar opp skadar i karosseriet på skadde køyretøy.
Geriater prater med eldre kvinne.

Geriatar

Som geriatar er du spesialist på sjukdommar hos eldre menneske.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier premature, nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
Helsefagarbeidar som hjelper ein mannleg pasient med barberingen.

Helsefagarbeidar

Som helsefagarbeidar gir du omsorg, og utfører grunnleggjande sjukepleie til menneske i alle aldrar.