Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Fellesorganisasjonen 21. november 2024

Miljøterapeut

Miljøterapeutar planlegg og legg til rette kvardagen for menneske som treng behandling, oppfølging eller tilsyn.

Arbeidsoppgaver

Miljøterapeutens viktigaste oppgåve er å leggje til rette for at brukarane av omsorgstenesta meistrar eigen kvardag.

Vanlege arbeidsoppgåver for miljøterapeuten:

  • planleggje og gjennomføre helsefremmande, førebyggjande, rehabiliterande og miljøterapeutiske tiltak
  • sikre at omsorgstenesta svarar krava i lovverket, politiske vedtak og kommunale avgjersler
  • styrke det sosiale nettverket til brukarane

Respekt for enkeltmennesket er viktig i dette arbeidet. Dei daglege gjeremåla kan variere frå arbeidsstad til arbeidsstad og etter brukargruppene du arbeider med.

Miljøterapeuten har strenge krav om teieplikt.

Kor jobbar miljøterapeutar?

Miljøterapeutar jobbar som oftast ved behandlings-, habiliterings- og rehabiliteringsinstitusjonar. Du kan og arbeide i heimebaserte tenester, i frivillige organisasjonar, NAV eller ved skolar.

Bli med ein miljøterapeut på jobb

Korleis er det å jobbe som miljøterapeut?

Mann med tradisjonell ullgsenser og rød lue lener seg mot en vegg av tømmer

Miljøterapeut

Sebastian Isaksen

– Det er også utrolig givende når metodene og tiltakene faktisk fungerer, og vi ser tydelige forbedringer hos beboerne. Da føles jobben virkelig meningsfull, sier Sebastian.
Ann Cecilie tenner lys i Kirkens Bymisjon.

Miljøterapeut

Ann Cecilie Hjelm

På kafeen til Kirkens Bymisjon i Tønsberg blir du møtt med spørsmålet; Har du lyst på en vaffel? Det kan gjøre underverker.

Viktige egenskaper for en miljøterapeut

Som miljøterapeut må du vere flink med menneske og like å vere rundt mange ulike menneske. Du må kunne samarbeide godt med andre. Det er viktig å kunne kommunisere både med klientar og andre fagfolk.

Kva tener miljøterapeutar?

Korleis utdannar du deg til miljøterapeut?

Det finst ikkje ei eiga miljøterapeututdanning. Miljøterapeuten er som regel ein offentleg godkjend vernepleiar, sosionom, ergoterapeut, sjukepleiar, barnevernspedagog, barnehagelærar, spesialpedagog eller anna fagleg bakgrunn.

Ein kan ta fagskuleutdanningar i miljøarbeid.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Fleire universitet og høgskolar i Noreg tilbyr relevante fag innan helse og omsorg. Fagforbundet tilbyr eit dokumentasjonsprogram for godkjenning som klinisk spesialist. Fellesorganisasjonen har også ulike ordningar for godkjenning.

Kva for ei utdanning er vanlegast for miljøterapeutar?

Kva jobbar sosialfagutdanna med?

  • 669918 - Videreutdanning for helse- og sosialsektoren, rusproblematikk
  • 669917 - Videreutdanning for helse- og sosialsektoren, psykisk helsearbeid
  • 6651 - Ergoterapi
  • 6621 - Sosialfag
  • 661301 - Vernepleierutdanning, treårig
  • 6613 - Vernepleiefag

Bedrifter: Kor jobbar miljøterapeutar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med miljøterapeutar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5132109 - ARBEIDSTERAPEUT (HELSE- OG OMSORG)
  • 3460118 - MILJØTERAPEUT (BEHANDLING)
  • 3460114 - MILJØTERAPEUT (VEILEDNING)
  • 3232109 - MILJØTERAPEUT (VERNEPLEIERARBEID)
  • 3232101 - MILJØTERAPEUT (VERNEPLEIER)
  • 3460154 - MILJØTERAPEUT (BARNEVERN)

Andre yrke

Menneske som ruller ferdigplen.

Anleggsgartnar

Anleggsgartnarar byggar, driftar og held ved like uteområde.
Børsemaker jobber med rifle

Børsemakar

Børsemakaren arbeider hovudsakleg med å reparere og tilpasse våpendelar og våpen.
Fysioterapeut.

Fysioterapeut

Fysioterapeutar jobbar med kropp og rørsle for å fremja god helse.
Illustrasjonsbilde av jordmor ved siden av mor og nyfødt barn.

Jordmor

Ei jordmor følger gravide under graviditet, fødsel og barseltid.
En mann stiller inn en 3d printer

Maskiningeniør

Ein maskiningeniør designar produkt, lagar produksjonsutstyr og styrer produksjonsprosessar.
Illustrasjonsbilde av Stortinget i Oslo.

Politikar

Politikarar jobbar mellom anna med fordeling av gode og plikter i samfunnet. Som politisk folkevalt er du med på å gjennomføra den politikken du og partiet ditt står for.
Tannlege gir behandling til pasient.

Tannlege

Som tannlege behandlar du sjukdommar i munnhòle og kjeve.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
En fotballtrener gir instrukser til en fotballspiller.

Fotballtrenar

Profesjonelle fotballtrenarar jobbar med å utvikla fotballspelarar og fotballag.