Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Norsk fysioterapeutforbund  10. mars 2023

Manuellterapeut

Manuellterapeutar er vidareutdanna fysioterapeutar som er ekspertar på musklar- og skjelettsystemet.

Arbeidsoppgaver

Manuellterapeutar er fysioterapeutar med vidareutdanning innan manuellterapi, som er ei masterutdanning innan muskel- og skjellettlidingar. Dei er difor ekspertar på musklar og skjelettsystemet.

Som manuellterapeut jobbar du med å undersøke og behandle pasientar med smerter, sjukdom eller skade i muskel- og skjelettsystemet. Manuellterapeutar behandlar pasientar i alle aldar med akutte eller langvarige plager. 

Behandlinga tilpasses alltid behova til den enkelte pasient og kan bestå av vanlege metodar innan fysioterapien. Disse har gjerne fokus på smertelindring, aktivitetsbaserte tiltak som øvingar og trening, og det å gje pasienten kunnskap og tryggleik til eigenhåndtering. Manuellterapeutane kan også nytte spesialiserte manuelle teknikkar. 

Vanlege arbeidsoppgåver for ein manuellterapeut: 

  • undersøke, diagnostisere og vurdere pasienten sin funksjon
  • finne optimal behandling- eller rehabiliteringsplan saman med pasienten.
  • gje individuell behandling og gruppebehandling
  • følgje opp pasientar og dokumentere behandlinga.
  • gje råd og rettleiing slik at pasienten betre kan meistre eigen situasjon
  • syne til eller sjukemelde pasientar når det er behov, og følgje opp sjukemelde arbeidstakarar i dialog med til dømes NAV
  • sikre likeverdig behandling av alle pasientar med muskel- og skjelettsrelaterte plager. 

Målet er, saman med pasienten, å påverke kroppens funksjonar til betre meistring. Målet til pasienten kan eksempelvis vere å bli smertefri eller arbeidsdyktig.

Saman med pasienten er målet ofte å vinne att eller halde ved like best mogleg funksjonsnivå slik at pasienten kan meistre og delta i nødvendige og verdsette aktivitetar. Målet til pasienten kan eksempelvis vere å få betre fysisk kapasitet, mindre smertar, økt grad av eigenmeistring eller bli arbeidsdyktig. 

Alle manuellterapeutar har autorisasjon som fysioterapeut. Frå 1. januar 2023 kan fysioterapeutar med denne vidareutdanninga også få autorisasjon som manuellterapeut. Autorisasjon givast frå Helsedirektoratet.

Kor jobbar manuellterapeutar?

Dei fleste manuellterapeutar jobbar på fysioterapiklinikkar i kommunane. Manuellterapeutar jobber også på medisinske senter, i sjukehus, og i støtteapparata til idrettslag. Det er også ein del manuellterapeutar som arbeider innan forsking og fagutvikling, eller som underviser på høskuler og universitet. 

Bli med ein manuellterapeut på jobb

Korleis er det å jobbe som manuellterapeut?

En mannlig behandler i blå poloskjorte står foran en lys, ensfarget vegg. Han ser rett mot kamera med et rolig og profesjonelt uttrykk. Han har kort, mørkt hår og lett skjeggstubb.

Manuellterapeut

Per Halvard Gjerlaug

– Jeg hadde en idrettsbakgrunn fra ungdomsårene og syntes alltid det var spennende med skader, rehabilitering og hvordan kroppen fungerer, sier Per Halvard.
En mann i svart t-skjorte. Han smiler.

Manuellterapeut

André Fagerborg

– Du må også ha en god porsjon empati, men samtidig tørre å pushe pasienter, mener André.

Viktige egenskaper for en manuellterapeut

Som manuellterapeut jobbar du tett på andre menneske. Du må kunne skape tillit, motivere og vere flink til å kommunisere. Du bør også kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre. 

Kva tener manuellterapeutar?

Korleis utdannar du deg til manuellterapeut?

I Noreg er det berre Universitetet i Bergen som tilbyr eit klinisk masterstudium i manuellterapi. 

Klinisk masterstudium for fysioterapeutar i manuellterapi (MFMT), UiB

Opptakskrav
Masterprogrammet ved Universitetet i Bergen er eit toårig heiltidsstudium. Studiet bygger på ei bachelorgrad i fysioterapi eller minimum 180 studiepoeng inkludert ei fysioterapeututdanning. Søkjarar må ha norsk autorisasjon som fysioterapeut, samt godkjend praksis i eitt år.

Opptakskrava til utanlandske utdanningsinstitusjonar varierer. Du må søke for å få utdanninga godkjend i Noreg. Det blir i tillegg stilt krav om rettleidd praksis og/eller norsk eksamen.

Dersom du har ei godkjend utdanning frå utlandet må du i tillegg ta ein kurseksamen i radiologi, differensialdiagnostikk og laboratorieanalysar, attpå ei trygdefagleg opplæring som svarar til ei norsk masterutdanning.

Les meir om utdanning i utlandet hos Norsk fysioterapiforbund og Norsk manuellterapeutforening.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Helsepersonelloven krev at manuellterapeutar til ein kvar tid held seg oppdatert innan fagfeltet. Det blir arrangert kurs og seminar for både fysioterapeutar og manuellterapeutar.

Kva jobbar fysioterapiutdanna med?

  • 765206 - Master, manuell terapi, toårig

Bedrifter: Kor jobbar manuellterapeutar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med manuellterapeutar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3226120 - MANUELLTERAPEUT

Andre yrke

Mediegrafikeren sitter foran en dataskjerm og utarbeider grafikk.

Mediegrafikar

Som mediegrafikar jobbar du med utforming og produksjon av visuell kommunikasjon.
Onkologen fører ein person inn i ei strålemaskin

Onkolog

Som onkolog er du en lege som behandlar pasientar med kreft.
En grafisk produksjonstekniner står ved en stor printer

Fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk

Som fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk produserer du ulike grafiske produkt.
Barnehageassistent leser med barna.

Barnehageassistent

Som barnehageassistent hjelper du til med de daglege aktivitetane og gjeremåla i ein barnehage.
En kvinnelig fengselsbetjent i uniform står ute og snakker med en mannlig innsatt i oransje klær.

Fengselsbetjent

Fengselsbetjentar har ansvar for å følgja opp, rettleia og motivera menneske som sonar fengselsstraff.
Historiker studerer bok.

Historikar

Historikarar jobbar med å skape forståing for og kunnskap om den historiske utviklinga til menneska og verda.
En kranfører sitter i bua og ser mot kranen som han styrer

Kranførar

Kranførarar køyrer ulike kraner på byggeplassar, i hamner og i offshoreindustrien.
En møbelsnekker lager en stol på en benk

Møbelsnikkar

Ein møbelsnikkar vel, formar og set saman materiale til møblar og innreiingar.
Rørlegger

Røyrleggar

Ein røyrleggar tilpassar, monterer, installerer og reparerer sanitær- og varmeanlegg og andre røyranlegg.
Illustrasjonsbilde av tollere som kontrollerer eit skip.

Tollar

Som tollar kan du blant anna jobbe med kontroll av reisande, reisegods, køyretøy og båtar.
Økonomikonsulent

Økonomikonsulent

Økonomikonsulentar har ansvaret for økonomiske arbeidsoppgåver som budsjettering, saksbehandling, fakturering eller rekneskapsføring.
Fiskehelsebiolog sjekker tank med fisk

Fiskehelsebiolog

Som fiskehelsebiolog jobbar du med varetaking av fiskehelse og fiskevelferd.