Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Vy 14. mai 2025

Konduktør

Ein konduktør er ansvarleg for togpassasjeranes sikkerheit om bord i toget og ved av- og påstiging.

Arbeidsoppgaver

Ein konduktør sel sel og sjekkar billettar på toget. Dei gir signal til lokføraren når toget kan køyre. Dei er anten hovudansvarleg om bord eller hjelper den som er ansvarleg.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein konduktør:

  • rydding/reinhald i toget
  • informere om rutetider og endringar i rutetider
  • halde oppsyn med passasjeranes komfort og sikkerheit
  • sjå til at alt vognmateriale er forskriftsmessig på plass
  • skadestadsleiar ved eventuelle ulykker og andre hendingar

Som konduktør er du også togselskapets ansikt overfor omverda mot passasjerane.

Konduktøren arbeider i tett samarbeid med lokførar, og de skal i fellesskap sikre passasjeranes sikkerheit og ha ansvar for å halde rutetida.

Ein konduktør jobbar alltid turnus, noko som kan innebere kvelds- og helgearbeid. I tillegg må du pådregne å jobbe jul, påske og andre helgedagar.

Kor jobbar konduktørar?

Du kan jobbe som konduktør i Vy, Go-Ahead Norge, SJ Norge, Flåm AS, Arctic Train og andre togselskap. Dei som jobbar på Flytoget blir kalla Ombordansvarleg (flytogvert). Dei utfører mykje av det same arbeidet, men har ei anna utdanning.

Bli med ein konduktør på jobb

Korleis er det å jobbe som konduktør?

En kvinnelig konduktør i uniform. Uniformen består av mørk blazer, hvit skjorte og lyseblått skjerf. Kvinnen står foran vogn nummer 5 på et tog fra Go-Ahead Nordic. Hun smiler.

Konduktør

Maiken Sundt

– Mange tror at vi bare sjekker billetter, men det er faktisk bare en liten del av jobben, sier Maiken.
Kondukteren poserer foran toget på Oslo S. Han har på seg uniform.

Kon­duk­tør

Jørgen Rud Løseth

For­so­ver Jør­gen seg kan det få sto­re kon­se­kven­ser. Bank i bor­det – jeg har all­tid kom­met i tide, sier kon­duk­tø­ren.
Portrett av konduktør Fredrik Torp iført konduktøruniformen, med mørk blazer, hvit skjorte og grønt slips.

Konduktør

Fredrik Torp

Fredrik Torp ville ha en jobb der han kunne være i bevegelse. – Som konduktør går jeg tusenvis av skritt hver dag, og treffer masse hyggelige folk.

Viktige egenskaper for en konduktør

Som konduktør må du like å jobbe med menneske og vere flink til å samarbeide. Jobben krev at du er mykje i rørsle, så du bør vere i god fysisk form. I dette yrket kan det oppstå krevjande situasjonar, så du må tole stress og kunne halde roa.

Kva tener konduktørar?

Korleis utdannar du deg til konduktør?

Konduktøropplæring gjennomførast hos Vy (tidlegare NSB). For å bli konduktør må du søke på ein ledig stilling som konduktøraspirant når Vy søker etter dette. Dersom du blir tilsett, får du internopplæring i omtrent 18 veker. Opplæringa er ein blanding av teori og praksis. Du mottar lønn under opplæringa.

Kva for ei utdanning er vanlegast for konduktørar?

Bedrifter: Kor jobbar konduktørar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med konduktørar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5112102 - KONDUKTØR
  • 5112101 - BILLETTØR (TRANSPORTMIDLER)
  • 5112106 - TOGKONTROLLØR
  • 5112105 - OVERKONDUKTØR
  • 5111121 - TOGVERTINNE
  • 5111120 - TOGVERT
  • 5112104 - KONTROLLØR (BILLETTØR - TRANSPORTMIDLER)

Andre yrke

En eldre kvinne i en terapitime

Klinisk sosionom

Som klinisk sosionom jobbar du for å forbetra evna menneske har til å fungera fysisk, psykisk og sosialt.
Kvinneleg kokk på et kjøkken

Kokk

Kokkar jobbar med å lage mat, setje opp menyar, planlegge innkjøp og velje ut råvarer.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Flymotormekaniker i arbeid

Flymotormekanikar

Ein flymotormekanikar arbeider med service, overhaling, reparasjon og testing av motorar i luftfartøy.
Hudpleier gir behandling til kunde.

Hudpleiar

Ein hudpleiar behandlar hud og kropp, og førebygger hudproblem.
Legemiddelkonsulent snakker med kollega

Legemiddelkonsulent

Ein legemiddelkonsulent sel og marknadsfører legemiddel til legar, apotek og sjukehus.
En dame sitter foran en PC, foran skjermen ligger en åpen bok med tekst

Omsetjar

Omsetjarar omset skrifter frå eit språk til eit anna.
En mann monterer et lysarmatur på rekkverket i en oljeplattform

Maritim elektrikar

Ein maritim elektrikar jobbar med drift og vedlikehald på elektriske anlegg, komponentar og instrument på skip.
Ung IKT-servicemedarbeidar jobbar på PC.

IKT-servicemedarbeidar

Ein IKT-servicemedarbeidar jobbar med drift og vedlikehald av nettverk og programvare, brukarstøtte og service.
En kardiolog lytter med et stetoskop på hjertet til en jente

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.
Illustrasjonsbilde av en mann foran en datamaskin.

Interaksjonsdesignar

Interaksjonsdesignaren formar ut brukargrensesnitt for nettstader, programvare og andre tekniske system vi nyttar i kvardagen.
En voksen kvinne sitter ved et bord sammen med tre barn og legger puslespill. Barna sitter tett rundt bordet og samarbeider, mens kvinnen følger med og hjelper.

Barne- og ungdomsarbeidar

Ein barne- og ungdomsarbeidar arbeider med pedagogiske tilbod for born og ungdom.