Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for restaurant og matfag 15. februar 2022

Konditor

Som konditor arbeider du med å lage, pynte og setje saman kaker av ulikt slag.

Arbeidsoppgaver

Konditoryrket er kreativt, og pynting og samansetjing av kaker er konditoren sitt spesialfelt. Som konditor må du jobbe med moderne utstyr, strenge hygienekrav og delikate råvarer. Du må vere i stand til å utnytte dyre råvarer på ein økonomisk forsvarleg måte og sette saman lekre utstillingar og ferdige varar. 

Vanlege arbeidsoppgåver:

  • lage alle typar dessetar, kaker og søte bakverk
  • lage glasurar, kremar og konfekt
  • lage dekor og figurar
  • betene og reingjere nødvendig produksjonsutstyr
  • vurdere kvalitet og pris på råvarer
  • tilpasse reseptar og produksjonsprosessar
  • berekne deklarasjon (register over varar) og næringsinnhald i ferdige produkt
  • jobbe for å tilfredsstille strenge krav til hygiene

Ein konditor brukar både tradisjonelle og nyare førebuing- og konserveringsmetodar. Arbeidet består av både handverk og maskinell produksjon. Økt påverknad frå utlandet gjer at konditoren må vere i stand til å hente inn og ta opp internasjonale impulsar, samtidig som ein behaldar grepet om gamle nasjonale tradisjonar. 

Konditoren har kunnskap om råvareprisar og kvalitet på råvarer.

Mange konditorar har òg svennebrev som bakar.

Kor jobbar konditorar?

Som konditor kan du arbeide i bakeri, konditori og i storhushaldningar, som på hotell, restaurantar eller cruiseskip.

Bli med ein konditor på jobb

Korleis er det å jobbe som konditor?

En ung kvinne ikledd svart tskjorte og svart jakke står utenfor et bakeri og smiler til kamera. Hun har på seg uniform, med logo der det står "BLOMSØ". Bak henne henger et stort gyldent skilt av en kringle med en krone.

Konditor

Marielle Jenssen

– Konditoryrket er så allsidig. Du har ulike arbeidsdager hver dag, så det blir aldri det samme, sier Marielle.
Konditor Vibeke Thomassen poserer utenfor sitt lille konditori i Tønsberg.

Konditor

Vibeke Thomassen

Vibeke har en sukkersøt jobb og lever av å lage kaker og sjokolade. – Det er som å ha juleverksted hele året, smiler gründeren.
Portrett av konditor Veronica Stelander i uniform

Konditor

Veronica Stelander

Helt siden hun som liten var med moren på jobb, har Veronica visst at hun ville bli konditor.

Viktige egenskaper for en konditor

Ein konditor bør ha interesse for matlaging, forming og smak. Du bør vere kreativ og ha sans for farge og form. Du må kunne planlegge arbeidet og jobbe effektivt, og dessutan vere hygienisk og nøyaktig. 

Kva tener konditorar?

Korleis utdannar du deg til konditor?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Vil du ta videregående som voksen? Se hvilke tilbud som finnes!

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Du kan ta meisterbrev i konditorfaget. Les meir om meisterutdanning.

Kva jobbar konditorfagutdanna med?

  • 458110 - Konditorfaget, Vg3

Bedrifter: Kor jobbar konditorar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med konditorar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7412102 - KONDITOR
  • 7412110 - MESTERSVENN (BAKERI OG KONDITORI)
  • 7412108 - FORMANN (BAKERI OG KONDITORI)
  • 7412106 - FAGARBEIDER (BAKERI OG KONDITORI)
  • 7412105 - SUKKERTØYMAKER
  • 7412104 - KONFEKTMAKER

Andre yrke

AFIS-fullmektig på jobb i tårn.

AFIS-fullmektig

En AFIS-fullmektig gir informasjon til luftfartøy på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Forsikringsrådgiver snakker med kunde.

Forsikringsrådgivar

Hovudoppgåva til forsikringsrådgivarar er å tilby og gi råd til kundar om kva typar forsikring dei treng.
Idrettskonsulent i snølek.

Idrettskonsulent

Ein idrettskonsulent legger til rette for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet.
Logistikkoperatører henter varer på et lager

Logistikkoperatør

Ein logistikkoperatør arbeider med varetransport. Arbeidsoppgåvene inneber mellom anna å laste, losse og klargjere frakt av gods.
Pedagog underviser voksne elever i klasserom

Pedagog

Ein pedagog er ein person som har studert pedagogikk, enten i lærarutdanninga, barnevernsutdanninga eller som eige fag på universitetet.
Fire personer sitter i et staselig rom i et hus. Det er en stor peis og fine, grønne dører på hver side. Det er to damer og to menn, de sitter to og to i brune skinnsofaer og prater.

Sosiolog

Sosiologen har kunnskap om mennesket som individ og mennesket som ein del av ei gruppe, og brukar dette til å forstå korleis menneske fungerer saman.
Bilskadereperatør pusser lakk på bil

Bilskadereparatør

Ein bilskadereparatør rettar opp skadar i karosseriet på skadde køyretøy.
Geriater prater med eldre kvinne.

Geriatar

Som geriatar er du spesialist på sjukdommar hos eldre menneske.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier premature, nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
Helsefagarbeidar som hjelper ein mannleg pasient med barberingen.

Helsefagarbeidar

Som helsefagarbeidar gir du omsorg, og utfører grunnleggjande sjukepleie til menneske i alle aldrar.