Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Kliniske ernæringsfysiologers forening 20. august 2025

Klinisk ernæringsfysiolog

Ein klinisk ernæringsfysiolog har god kunnskap om korleis kosthald påverkar helse. Dei bruker denne kunnskapen til å førebyggja og behandla sjukdom knytt til ernæring.

Arbeidsoppgaver

Kliniske ernæringsfysiologar gir kosthaldsrettleiing og behandling til personar som av ulike grunnar treng tilpassa kosthald. Det kan vera friske personar, som gravide, barn, vegetarianarar, veganarar, idrettsutøvarar og eldre. Det kan også vera personar som lid av til dømes underernæring, spiseforstyrringar, allergiar, intoleransar, nyresjukdom, livstilssykdommer eller som har vore gjennom ein operasjon.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein klinisk ernæringsfysiolog:

  • rettleia folk i korleis dei kan eta og leva for å unngå sjukdom seinare i livet
  • lære opp helsepersonell og tilsette i barnehagar, skular, og andre som jobbar med mat
  • sjå på og vurdera behovet til folk ut frå deira helse, kosthald, høgd, vekt og blodprøver
  • gi råd og læra opp om kosthald til pasientar og familien deira
  • foreslå og starta behandling, som spesialkost, næringsdrikker, sondemat eller intravenøs næring
  • kvalitetssikra mat i kommune og helse- og omsorgstenester
  • planleggja og utvikla systematisk ernæringsarbeid i kommunar, fylkeskommunar og bydelar
  • jobba med kosthald gjennom folkehelsearbeid på ulike nivå, t.d. organisasjonar, styresmakter eller andre
  • forsking

Arbeidsoppgavene vil variera etter kvar du jobbar.

Ein klinisk ernæringsfysiolog kan førebyggja, finna ut av, sjå og behandla ernæringsrelaterte tilstandar og sjukdommar hos personar i alle aldrar og livsfasar. Kliniske ernæringsfysiologar kan vurdera, dela og utvikla kunnskap om kosthald.

Klinisk ernæringsfysiolog er ein beskytta tittel som krev autorisasjon frå Helsedirektoratet. Kliniske ernæringsfysiologar er derfor autoriserte helsepersonell. Merk at liknande yrkestitlar som ernæringsekspert, ernæringskonsulent og ernæringsrådgivar ikkje er det same som klinisk ernæringsfysiolog og at desse ikkje er verna titlar.

Kor jobbar kliniske ernæringsfysiolog?

Kliniske ernæringsfysiologar jobbar ofte på sjukehus, men stadig fleire arbeider no òg i kommunar og fylkeskommunar. Døme på arbeidsstader i kommunar og fylkeskommunar for kliniske ernæringsfysiologar er frisklivssentralar, lokale lærings- og mestringstilbud, tilknytt fastlegekontor eller tverrfaglege klinikkar, sjukeheim, hjemmetjeneste, eller meir overordna innan folkehelse eller helseteneste. Nokre kliniske ernæringsfysiologar driv eigen praksis og er sjølvstendig næringsdrivande. Andre aktuelle arbeidsstader er opplysningskontor, rehabiliteringssenter, toppidrett, matvare-, næringsmiddel- og legemiddelindustri, i ideelle organisasjonar, og i helseforvaltninga, mellom dei i Mattilsynet eller Helsedirektoratet. Mange jobbar òg med forsking eller undervisning.>

Bli med ein klinisk ernæringsfysiolog på jobb

Korleis er det å jobbe som klinisk ernæringsfysiolog?

Profilbilde av kvinne med blondt hår og lyseblå trenings t-skjorte som står i et treningsrom med yogaballer.

Klinisk ernæringsfysiolog

Thea Solnørdal

– Det er et felt med flere fasiter, så må man tørre å se etter nye måter å løse et problemer på, sier Thea.
Portrettbilde av Gulla Formo

Klinisk ernæringsfysiolog

Gulla Formo

Gulla Formo hjelper folk med ernæring, og synes faget er så gøy at hun gjerne leser fagartikler gjennom hele ferien.

Viktige egenskaper for en klinisk ernæringsfysiolog

Som helsepersonell bør du like å jobbe med menneske, og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du bør ha interesse for kosthald, medisinske spørsmål, fysiologi, kjemi og biologi.

Kva tener kliniske ernæringsfysiolog?

Korleis utdannar du deg til klinisk ernæringsfysiolog?

Det tar fem år å utdanne seg til den beskytta tittelen klinisk ernæringsfysiolog. I Noreg er det per i dag berre Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø som tilbyr utdanning som kvalifiserer for norsk autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog.

Kva jobbar ernæringsutdanna med?

  • 869902 - Dr.scient.-utdanning, ernæring
  • 769937 - Master, klinisk ernæring, femårig
  • 769917 - Master, ernæring, toårig
  • 769906 - Cand.scient.-utdanning, ernæring

Bedrifter: Kor jobbar kliniske ernæringsfysiolog?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med kliniske ernæringsfysiolog

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2225102 - KLINISK ERNÆRINSFYSIOLOG
  • 2225101 - ERNÆRINGSFYSIOLOG
  • 2225104 - ERNÆRINGSFYSIOLOG

Andre yrke

Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar jobbar du med akuttmedisin, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade.
Bussjåfør kjører inn på busstasjon

Bussjåfør

Som bussjåfør er di viktigaste oppgåve å transportera passasjerar på ein trygg, miljøvennleg og komfortabel måte.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
Ein mann reparerer en datamaskin.

IT-konsulent

Som IT-konsulent hjelper du verksemder med å utvikla, optimalisera og halda ved like IT-system.
En mannlig markedssjef peker på en post-it lapp på et whiteboard.

Marknadssjef

Marknadssjefen har ansvaret for marknadsaktivitetane i ei bedrift.
Politijurist i rettssak.

Politijurist

Politijuristar har leiarstillingar i politi- og påtalemyndigheitene.
Tannlege polerer tennene til en pasient, mens en tannhelsesekretær holder et beger med slipepasta som brukes i poleringen.

Tannhelsesekretær

Tannhelsesekretæren assisterer tannlegen, og har hovudansvaret for hygiene og smittevern på tannklinikken.
Osteopat behandlar nakke.

Osteopat

Osteopatar behandlar plager i musklar og skjelett. Dei ser korleis kropp, sinn og livssituasjon påverkar helsa vår.
Maskinist sjekker instrumenter

Maskinist

Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av teknisk utstyr og maskiner om bord på skip og plattformer.
Kvinnelig bonde mater sauer

Agronom

Agronomar arbeider praktisk med drifta av ein gard.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Fotballspillere på banen

Fotballspelar

Som profesjonell fotballspelar er du tilsett i ein klubb, og arbeider som fotballspelar på heiltid.