Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Norsk Kiropraktorforening 06. juni 2025

Kiropraktor

Ein kiropraktor diagnostiserer og behandlar smerter og sjukdomar i nerve-, muskel- og skjelettsystemet.

Arbeidsoppgaver

Ein kiropraktor behandlar pasientar med plager i muskel- og skjelettsystemet eller i nervesystemet. Det kan vere smerter i hovud, nakke, kjeve eller skuldrer, eller plager som isjias, whiplash og rygg- eller idrettsskadar. Kiropraktoren skal finne årsaka til plagene, behandle dei og hjelpe med å førebyggje nye plager. Dette skjer når kiropraktoren møter og undersøker pasienten.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein kiropraktor:

  • samtale med pasienten for å kartlegge sjukehistoria
  • kartlegge smerte/ubehag og kor i kroppen det sitt
  • funksjonell testing av nerve-, muskel- og skjelettapparatet
  • behandling ved hjelp av teknikkar som til dømes leddkorreksjon, triggerpunktterapi, massasje, trykkbølgebehandling, tøyingar av muskulatur og treningsøvingar
  • rettleiing om kosthald og livsstil
  • tilvising til medisinske undersøkingar og biletdiagnostikk som røntgen, MR og CT

Alle kiropraktorar har rett til å sjukmelde og tilvise direkte til spesialist og undersøkingar. 

Ein kiropraktor samarbeider ofte med lege, tannlege og fysioterapeut.

Kiropraktor er ein beskytta tittel som krev autorisasjon frå Helsedirektoratet.

Kor jobbar kiropraktorar?

Dei fleste kiropraktorar jobbar privat, ofte i klinikkar med fleire faggrupper. Nokre jobbar òg med forsking eller i det offentlege helsevesenet. Mange kiropraktorar vel å spesialisere seg og har teke vidareutdanning i diagnostisk ultralyd, barne- og ungdomskiropraktikk, nevrologi, idrett og rehabilitering.

Bli med ein kiropraktor på jobb

Korleis er det å jobbe som kiropraktor?

En behandler i grå klinikkuniform står i et lyst behandlingsrom med medisinsk utstyr, behandlingsbenk og anatomiske plakater på veggen. Hun smiler mot kamera.

Kiropraktor

Maja Bjørnli

– Noen kommer inn med akutte smerter og klarer nesten ikke å gå, stå oppreist eller trekke inn pusten, fordi de har så vondt. Når de så går ut herfra mye rettere i ryggen og med mindre smerter, er det utrolig fint å se hvor stor forskjell behandlingen kan gjøre, sier Maja.
Kiropraktor Magnus Fagerli profil

Kiropraktor

Magnus Fagerli

Man må holde seg oppdatert og være frampå, samtidig som du må ta vare på deg selv og din egen helse. Det krever litt, sier Magnus Fagerli.

Viktige egenskaper for en kiropraktor

Du må like å ha kontakt med menneske og vere flink til å kommunisere. Du må også kunne løyse problem, ha god vurderingsevne og gode samarbeidsevner. 

Kva tener kiropraktorar?

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Korleis utdannar du deg til kiropraktor?

Kiropraktorutdanning blir ikkje tilbydd i Norge. For å bli kiropraktor tar dei fleste den femårige masterutdanninga i Danmark, USA, Storbritannia eller Australia.

Turnustenesta på eitt år kjem i tillegg, og er nødvendig for å få autorisasjon som kiropraktor i Norge.

Ved utvalde studiestader er det mogleg å ta medisin grunnfag som ei førebuing til studiar i utlandet. ANSA har oversikt over utdanning og opptakskrav i fleire land.

Sjå oversikt over kven som tilbyr Medisin grunnfag.

Bedrifter: Kor jobbar kiropraktorar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med kiropraktorar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3226113 - KIROPRAKTOR

Andre yrke

Barnehageassistent leser med barna.

Barnehageassistent

Som barnehageassistent hjelper du til med de daglege aktivitetane og gjeremåla i ein barnehage.
En kvinnelig fengselsbetjent i uniform står ute og snakker med en mannlig innsatt i oransje klær.

Fengselsbetjent

Fengselsbetjentar har ansvar for å følgja opp, rettleia og motivera menneske som sonar fengselsstraff.
Historiker studerer bok.

Historikar

Historikarar jobbar med å skape forståing for og kunnskap om den historiske utviklinga til menneska og verda.
Mann går under skilt kor det står "Kriminalomsorgen – Oslo fengsel".

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.
Naprapat behandler pasient

Naprapat

Ein naprapat behandlar pasientar med smerter og problem i musklar og ledd.
Illustrasjonsbilde av kontoransatte

Saksbehandlar

Som saksbehandlar arbeider du med å greie ut og svare på søknader, notat og andre skriv.
Båtbygger jobber på båt.

Båtbyggar

Båtbyggarar produserer, reparerer og held ved like båtar.
Onkologen fører ein person inn i ei strålemaskin

Onkolog

Som onkolog er du en lege som behandlar pasientar med kreft.
En grafisk produksjonstekniner står ved en stor printer

Fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk

Som fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk produserer du ulike grafiske produkt.
Astronauter

Astronaut

Ein astronaut er ein person som er utdanna til å manøvrere eller arbeide om bord i eit romfartøy.
Elektrikar i arbeid, stripser fast kabler

Elektrikar

Elektrikarar monterer, bygger og held ved like elektriske anlegg og elektrisk utstyr.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.