Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Norsk Gestaltinstitutt 13. februar 2026

Gestaltterapeut

Ein gestaltterapeut er ein som bruker samtaleterapi i behandlinga av klientar.

Arbeidsoppgaver

Gestaltterapi er ei form for psykoterapi og fokuserer på augneblinken her og no. Terapien legg vekt på at folk blir betre til å ta val når dei blir meir merksame på eigne kjensler og handlingar. Som gestaltterapeut gjennomfører du både individuell terapi, parterapi, familieterapi eller gruppeterapi.

Gestaltterapi er karakterisert som alternativ behandling. Det betyr at det ikkje finst noko vitskapleg bevis for at det fungerer. Gestaltterapeut er ikkje ein beskytta tittel. Det vil seia at det ikkje finst nokon autorisasjon eller krav til utdanning for å kalla seg gestaltterapeut.

Kor jobbar gestaltterapeutar?

Gestalterapeuter har gjerne klientar i eigen praksis. Det vil seia at dei jobbar for seg sjølve.

Korleis utdannar du deg til gestaltterapeut?

Norsk Gestaltinstitutt tilbyr studiar og etterutdanning i gestaltterapi. Studentane får tittelen Gestaltterapeut MNGF, som er godkjent av European Association of Gestalt Therapy (EAGT). Merk at ikkje alle utdanningane er godkjende av NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga.

Det er også mogleg å ta gestaltterapiutdanning i utlandet.

Bedrifter: Kor jobbar gestaltterapeutar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med gestaltterapeutar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3229113 - GESTALTTERAPEUT

Andre yrke

Barnehageassistent leser med barna.

Barnehageassistent

Som barnehageassistent hjelper du til med de daglege aktivitetane og gjeremåla i ein barnehage.
En kvinnelig fengselsbetjent i uniform står ute og snakker med en mannlig innsatt i oransje klær.

Fengselsbetjent

Fengselsbetjentar har ansvar for å følgja opp, rettleia og motivera menneske som sonar fengselsstraff.
Historiker studerer bok.

Historikar

Historikarar jobbar med å skape forståing for og kunnskap om den historiske utviklinga til menneska og verda.
En kranfører sitter i bua og ser mot kranen som han styrer

Kranførar

Kranførarar køyrer ulike kraner på byggeplassar, i hamner og i offshoreindustrien.
En møbelsnekker lager en stol på en benk

Møbelsnikkar

Ein møbelsnikkar vel, formar og set saman materiale til møblar og innreiingar.
Rørlegger

Røyrleggar

Ein røyrleggar tilpassar, monterer, installerer og reparerer sanitær- og varmeanlegg og andre røyranlegg.
Mediegrafikeren sitter foran en dataskjerm og utarbeider grafikk.

Mediegrafikar

Som mediegrafikar jobbar du med utforming og produksjon av visuell kommunikasjon.
En kardiolog lytter med et stetoskop på hjertet til en jente

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.
En grafisk produksjonstekniner står ved en stor printer

Fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk

Som fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk produserer du ulike grafiske produkt.
Astronauter

Astronaut

Ein astronaut er ein person som er utdanna til å manøvrere eller arbeide om bord i eit romfartøy.
Elektrikar i arbeid, stripser fast kabler

Elektrikar

Elektrikarar monterer, bygger og held ved like elektriske anlegg og elektrisk utstyr.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.