Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Norges Blindeforbund, Norges Blindeforbund 30. april 2025

Førarhundtrenar

Førarhundtrenaren trenar opp førarhundar til blinde og svaksynte.

Arbeidsoppgaver

Som førarhundtrenar arbeider du med å trene opp utvalde hundar til å bli hjelpemiddel for menneske med synslidingar.

Sjølve treninga av førarhundar går føre seg over lang tid og blir ikkje avslutta før brukaren og hunden samarbeider godt. Det er viktig at førarhundtrenaren greier å finne ein førarhund som passar saman med behova og personlegdomen til den svaksynte. Hunden må stå på ein eksamen før han kan brukast som førarhund.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein førarhundtrenar:

  • testa og trena hundar til ferdig tenestehund
  • delta på samtreningskurs med hund og bruker
  • trena med hund og bruker på heimstaden til brukaren (kan vera over heile landet)
  • følgje opp hund og bruker på heimstaden
  • planlegga, administrera og dokumentera arbeidet

Jobben som førarhundtrenar kan innebere mange reisedøger i året, og du brukar svært mykje tid utandørs. 

Kor jobbar førarhundtrenarar?

Ein førarhundtrenar arbeider ved ein av dei fire førarhundskolane i landet: Lions førarhundskole, Hundeskolen Veiviseren, Noregs Blindeforbunds førarhundskole og Lund Hundetjenester.

Bli med ein førarhundtrenar på jobb

Korleis er det å jobbe som førarhundtrenar?

En mann i mørke klær. Han smiler og ser rett i kamera. Han sitter på huk og holder en førerhund i bånd. Det er en lys labrador. De er ute.

Førerhundtrener

Hans-Petter Gamborg-Nilsen

– Det å jobbe som førerhundtrener kreves først og fremst at man har god nok fysikk. Vi er mye ute, og vi er i bevegelse hele dagen, forteller Hans Petter.
Carita på gaten i Oslo sammen med en hund som er midt i treningsopplegget for å bli en trygg førerhund.

Førerhundtrener

Carita Margrethe Dahle

Carita ventet i mange år på å bli førerhund aspirant, og er selve beviset på at det er mulig til tross for veldig få jobber.

Viktige egenskaper for en førarhundtrenar

Som førarhundtrenar bør du vera tolmodig, påliteleg og glad i å omgåast menneske og dyr. Du bør ha gode samarbeidsevner og like å hjelpa dei som har behov for det. Du bør vera i god fysisk form i dette yrket.

Kva tener førarhundtrenarar?

Korleis utdannar du deg til førarhundtrenar?

Du kan utdanne deg til førerhundtrener på tre skolar i Norge:

For å bli førarhundtrenar må du arbeide på skolen i tre år som aspirant. Etter denne perioden går du rett inn i jobben som trenar. Utdanninga er lønna.

Det er høge krav for å bli førarhundtrenar. Først må du vente til ein av dei tre førarhundskulane i landet søker aspirantar. Når aspirantstillingar blir utlyste er det mange søkjarar og få plassar.

Opptakskrav
Ein har krav til både arbeidserfaring og livserfaring, og krava kan variere frå skule til skule.

Etter- og vidareutdanning
Du kan etterutdanne deg til terapihundetrenar.

Bedrifter: Kor jobbar førarhundtrenarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med førarhundtrenarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3349106 - FØRERHUNDTRENER
  • 3349102 - HUNDESKOLEINSTRUKTØR

Andre yrke

Grunnskolelærer underviser barn i klasserom

Grunnskolelærar

Ein grunnskolelærar arbeidar med elevar frå 1–10. klasse.
Brannkonstabel slukker brann

Brannkonstabel

Ein brannkonstabel sløkkjer brann og reddar menneske og dyr.
Fotterapeut behandler kunde

Fotterapeut

Den viktigaste arbeidsoppgåva til fotterapeuten er å behandle og førebygge fotproblem relatert til skobruk eller ulike sjukdommar.
Interiørarkitekt

Interiørarkitekt

Ein interiørarkitekt planlegg korleis hus og bygningar skal sjå ut innvendig.
En marinbiolog undersøker tang i fjæra

Marinbiolog

Marinbiologar jobbar med å forske på vekstar, dyr og organismar i vatn.
To politimenn står foran en politibil.

Politi

Det finst mange ulike jobbar i politiet og påtalemyndigheitene.
Metallarbeider som er i arbeid med sveising

Sveisar

Ein sveisar fører metalliske materiale saman ved press eller ved hjelp av varme.
Gravferdskonsulent planlegger gravferd sammen med etterlatte

Gravferdskonsulent

Ein gravferdskonsulent hjelper pårørande i samband med dødsfall og gravferder. Gravferdskonsulenten ordnar det praktiske, og vil vere ein støtte for pårørande ved dødsfall.
Elektrofagarbeider i arbeid.

Elektrofagarbeidar

Elektrofagarbeidaren har kompetanse innan ei rekke elektrofaglege område, mellom anna data- og elektronikksystem, elenergisystem og automatiseringssystem.
Advokat på kontoret.

Advokat

Advokatar gir juridiske råd, forhandlar på vegner av klientar og fører saker for retten.
Bilselger overleverer nøkler til kjøper av ny bil.

Bilseljar

Bilseljarar sel nye og gamle bilar.
Forfatter i ar­beid på kon­to­ret.

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.