Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Avinor Flysikring A/S 12. september 2025

Flygeleiar

Ein flygeleiar følgjer med og styrer flytrafikken i og rundt Noreg.

Arbeidsoppgaver

Som flygeleiar har du mykje ansvar og møter ofte på krevjande situasjonar. Jobben din er å sørgja for at fly tek av og landar trygt og raskt. Du skal gi pilotane beskjed om spesifikke høgder, retningar og fart. Du skal mellom anna seia frå når dei kan ta av og landa.

Som flygeleiar hjelper du redningstenesta ved behov.

Arbeidsoppgåvene til flygeleiaren er delt opp i tre område:

  • Tårnkontroll – kontroll av fly i som tek av og landar, fly like ved flyplassen, og fly og køyretøy på bakken
  • Innflygningskontroll – følgje med på og styre flytrafikken nært flyplassen
  • Områdekontroll – følgje med på fly mellom flyplassar, og fly som passerer norsk luftrom

Som flygeleiar må du raskt forstå og danna deg eit bilete av flytrafikken, så du kan leia han på ein sikker og effektiv måte. I jobben har du ulike hjelpemiddel:

  • radarframvisarar
  • flyplanar
  • radiosamband for å snakka med pilotar
  • intern kommunikasjon med andre flygeleiarar og AFIS-fullmektige

Kor jobbar flygeleiarar?

Som flygeleiar jobbar du i tårnet eller i innflygingskontrollen på dei største flyplassane i Noreg. Du kan jobba på flyplassar frå Stavanger i sør til Kirkenes i nord. Du kan også jobba ved ein kontrollsentral i Bodø, Stavanger eller Oslo (Røyken).

Korleis er det å jobbe som flygeleiar?

Dame med brunt hår, hvit genser og et nøkkelkort rundt halsen smiler inn i kamera

Flygeleder

Martine Rødseth Hjørungdal

– Dette er en jobb hvor du må ta mange beslutninger raskt, og det er viktig at du jobber effektivt og samarbeider godt med de sektorene som er rundt ditt eget luftrom, forteller Martine.
Roe Nerem på toppen av kontrolltårnet på Torp Flyplass i Sandefjord.

Flygeleder

Roe Nerem

Vi har et stort ansvar, men vi jobber i et sikkert system med mange sikkerhetsbarrierer som gjør lufttrafikken trygg, forteller flygeleder Roe Nerem.

Viktige egenskaper for en flygeleiar

Som flygeleiar har du ansvar for menneske og ting av stor verdi. Derfor er det viktig at du tek ansvar, er nøye og toler stress. Du må kunna gjera fleire oppgåver samtidig, vera fokusert og til å stola på. Som flygeleiar må du prata klart og tydeleg, ha god høyrsel og jobba på eiga hand.

Kva tener flygeleiarar?

Som nyutdannar tener flygeleiarar 669 000 kroner i året, per 01.04.2025.
Etter kvart følgjer du ein lønnstabell der lønna aukar med ansiennitet frå 0 til 20 år.

Korleis utdannar du deg til flygeleiar?

Flygeleiarutdanninga tek cirka to år. Merk at søknadsfristen er 15. februar kvart år.

Utdanninga består av:

  • Initial training ved CANI i Praha, Tsjekkia (ca 9 månader frå september til juni/juli)
  • Transisjonskurs: kurs i norske reglar og føresegner, systemopplæring og meteorologi på Værnes, Trondheim (to veker)
  • Praktisk opplæring og trening ved eit kontrolltårn eller ein kontrollsentral i Noreg (ca. 12 månader). Denne perioden leier fram til eksamen og sertifisering som flygeleiar

Opptakskrav:

  • Du må ha fylt 19 år 1. januar i opptaksåret
  • Generell studiekompetanse med gjennomsnittskarakter 4,0 eller betre frå vidaregåande
  • Minimum karakter 3 munnleg og skriftleg norsk
  • Minimum karakter 3 i engelsk
  • Du må tilfredsstilla krava til tryggleiksklarering og tilfredsstilla fastsette europeiske helsekrav

Avinor utdannar like mange flygeleiarar som Avinor har behov for. Derfor vil det variera frå år til år kor mange som blir tekne opp på studiet.

Kva jobbar flygeleiarutdanna med?

  • 681202 - Flygelederutdanning, toårig
  • 681201 - Flygelederutdanning, lavere nivå

Bedrifter: Kor jobbar flygeleiarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med flygeleiarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3144101 - FLYGELEDER
  • 3144102 - FLYGELEDERASPIRANT
  • 1225150 - ASSISTERENDE SJEFFLYGELEDER
  • 1225155 - SJEFFLYGELEDER
  • 3144103 - LUFTTRAFIKKLEDER
  • 4133155 - FLYKOORDINATOR

Andre yrke

To heismontører jobber med en heis

Heismontør

Heismontørar monterer, reparerer og held ved like heisar og rulletrapper.
En konditor sprøyter ut kakedeig på en stekeplate

Konditor

Som konditor arbeider du med å lage, pynte og setje saman kaker av ulikt slag.
Musikere

Musikar

Musikarar skaper, framfører og koordinerer musikk innan ei rekke sjangrar og stilarter.
Regissør i filmstudio

Regissør

Ein filmregissør er kunstnarisk leiar og utviklar av ei filminnspeling. Regissøren leier også etterarbeidet av det som er filma.
Veterinær med katt

Veterinær

Veterinæren behandlar og førebygger sjukdommar hos dyr, men jobbar og med mattryggleik og dyrevelferd.
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

Ein anestesisjukepleiar tek vare på pasientar før, under og etter dei får bedøving for operasjonar, undersøkingar og behandlingar.
Nettverkstekniker jobber foran PC

Nettverksteknikar

Ein nettverksteknikar skal drifta, halda ved like og forbetra datanettverk.
Automatiker i arbeid.

Automatikar

Ein automatikar monterer og held ved like automatiserte system.
Jente stabler trekuler under oppsyn av kvinnelig ergoterapeut.

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.
Forsker studerer isformasjon i en hule

Geofysikar

Geofysikarar skal forklara, og nokre gonger føresjå, det som skjer i jordas indre og ytre.
Karriereveileder gir råd på tavle.

Karriererettleiar

Ein karriererettleiar hjelper menneske med å ta medvitne yrkes- og karriereval.
En mann desginer på en pc

Mediedesignar

Ein mediedesignar jobbar med medium og kommunikasjon.