Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for naturbruk 16. februar 2022

Fiskar

Fiskarar driv med fangst av fisk. Arbeidet går føre seg på både små og store båtar

Arbeidsoppgaver

Fiskeri går føre seg på båtar av ulik storleik og med ulike reiskapar. Nokre fiskarar har eigen sjark og driv fiske med gran, line og jukse. Andre jobbar på større fiskebåtar utstyrt for fiske med not, line og trål.

Vanlege arbeidsoppgåver for fiskaren:

  • manøvrere fiskefartøy
  • handtere reiskap og utstyr på dekk
  • reinske, fryse eller salte fiskefangst ute på havet eller på land
  • levere fisk og skaldyr til mottaksstasjon

Mens dei minste båtane fiskar i farvatn nær kysten, er dei største båtane langt ute på storhavet. Mange av arbeidsoppgåvene er likevel dei same. Fiskaren er med på heile prosessen, frå reiskapane blir installerte på båten til fangsten blir tatt opp av sjøen og levert på land.

Kor jobbar fiskarar?

Fiskarar med eigne sjarkar er gjerne busett langs kysten. Dei driv fiske stort sett heile året. Fiskarar som er tilsette eller eig større båtar, har som regel eit mannskap på skift. Kvart skift er då av ei viss varigheit, til dømes ein månad.

Bli med ein fiskar på jobb

Korleis er det å jobbe som fiskar?

En mann med svart jakke står i en båt, han har mørkt hår og ser rett inn i kamera

Fisker

Daniel Pettersen Hårstadstrand

– Jobben gir meg mestringsfølelse og stolthet. Etter en god dag på sjøen med stor fangst, får jeg en veldig god følelse, sier Daniel.
Ei dame i kjeledress på båten

Fisker

Jeanette Johansen

– Det er noe unikt med de fine dagene. Når det er dårlig vær, får du adrenalinkick, sier Jeanette.

Viktige egenskaper for en fiskar

Fiskarar er gjerne på havet i lange periodar om gongen. Det er derfor ein fordel å vere glad i båtliv, hav, fiske og lagarbeid. Fiske er eit fysisk krevjande yrke.

Kva tener fiskarar?

Korleis utdannar du deg til fiskar?

Før var det vanleg å begynne som fiskar utan formell utdanning, men i dag er det mogleg å ta fagbrev i fiske og fangst i videregåande opplæring. 

Vil du ta videregående som voksen? Se hvilke tilbud som finnes!

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Som fiskar kan du vidareutdanne deg i fleire retningar innanfor maritim sektor. Du kan velje toårig teknisk fagskole for maritime fag og fiskerifag, eller ei treårig høgskoleutdanning, slik at du kvalifiserer deg til arbeid som styrmann/kaptein opp til klasse 1.

Havbruk og akvakultur
Fagskole
Se utdanninger og steder

Kva jobbar fiske- og fangstutdanna med?

  • 471902 - Fiskeskipperutdanning
  • 471199 - Fiske og havbruk, uspesifisert, videregående, avsluttende utdanning
  • 471101 - Fiske og fangst, Vg3

Bedrifter: Kor jobbar fiskarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med fiskarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 6411104 - FISKER
  • 6412107 - SELSKYTTER
  • 6412106 - SELFANGER
  • 6412103 - HVALSKYTTER
  • 6412102 - HVALFANGER
  • 6411126 - TRÅLBAS
  • 6411125 - JUKSAFISKER
  • 6411119 - LINEEGNER
  • 6411117 - GARNFISKER
  • 6411113 - NETTMANN
  • 6411112 - NOTFISKER
  • 6411111 - SNURREVADFISKER
  • 6411109 - NOTBAS
  • 6411108 - AUTOLINEFISKER
  • 6411105 - FISKESKIPPER (KYST)
  • 6411103 - FANGSTMANN (FISKE)
  • 6412108 - FANGSTMANN (SKALLDYR, TANG OG TARE)

Andre yrke

En astronom kikker på stjernene på nattehimmelen.

Astrofysikar

Ein astrofysikar studerer universet.
Elektroingeniør

Elektroingeniør

Elektroingeniørar arbeider med forbetring av eksisterande teknologi og utvikling av nye teknologiske løysingar.
Gullsmed i arbeid

Gullsmed

Som gullsmed skapar du smykke og andre gjenstandar av edle metall.
En kvinne med blondt hår og briller står ved et bord og måler opp et tøystykke. Hun befinner seg i en systue og det er manekenger og andre verktøy til søm i bakgrunnen.

Kjole- og draktsyar

Ein kjole- og draktsyar syr klede til enkeltkundar eller til små kolleksjonar.
En skipsmotormekaniker, også kalt motormann, inspiserer motorrommet

Skipsmotormekanikar

Ein skipsmotormekanikar held ved like og reparerer skipets motorar og andre mekaniske delar.
Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.
Vekter går på patrulje på kvelden

Vektar

Jobben til vektaren og/eller tryggleiksmedarbeidaren er å skape tryggleik gjennom å førebygge ulukker og lovbrot.
CNC-operatør jobber ved ei CNC-maskin

CNC-maskineringsoperatør

CNC-maskineringsoperatøren brukar datamaskiner til å styre mekaniske maskiner og lage komplekse delar i metall eller andre materialar.
Bilde viser et kontorlandskap hvor to menn lener seg mot en PC og snakker sammen

IT-administrator

Som IT-administrator skal du installera, drifta og halda ved like IT-infrastrukturen i ein organisasjon. Dette inkluderer maskinvare, programvare og nettverk.
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
To dansarar dansar moderne dans

Dansar

Som dansar brukar du kroppen til å uttrykke deg gjennom rørsler. Ein dansar må ha rørsleglede, god fysikk, musikalitet og uthald. I tillegg må du vere kreativ og like å samarbeide.
Barnehagelærar saman med barn.

Barnehagelærar

Som barnehagelærar er du med på å skapa eit trygt og omsorgsfullt miljø for barn gjennom leik, læring, omsorg og danning.