Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for naturbruk 16. februar 2022

Fagoperatør akvakultur (fiskeoppdrettar)

Som fagoperatør i akvakultur (fiskeoppdrettar) har du ansvaret for den daglege drifta av et akvakulturanlegg.

Arbeidsoppgaver

Å vera fagoperatør i akvakultur betyr at du driftar eit akvakulturanlegg. Det krev at du har forståing for samanhengane mellom biologi, teknologi og økonomi.

Hovudoppgåva di er å sikra at fisk og andre aktuelle akvakulturorganismar har best mogleg levevilkår for vekst og utvikling. Du må ha kunnskap om gjeldande krav til dyrevelferd, mattrygging, kvalitet og korleis akvakulturverksemda påverkar miljøet.

Som fagoperatør i akvakultur skal du både planlegga, gjennomføra, vurdera og dokumentera arbeidet etter gjeldande regelverk og prosedyrar. Du må òg kjenna til beredskapsplanar, vurdera risiko og vareta trygginga i arbeidet.

Vanlege oppgåver for ein fagoperatør i akvakulturfag:

  • røykte akvakulturorganismar og vareta dyrevelferd
  • fôra akvakulturorganismar og bruka aktuelle fôringssystemer
  • reingjera, desinfisera, kontrollera og halda ved like produksjonsutstyr og lokale
  • bruka løfte- og lasteutstyr
  • gjennomføra ettersyn og vedlikehald av fartøy og teknisk utstyr på anlegget
  • handtera, avliva og destruera akvakulturorganismar
  • planlegga produksjonen og følgje kvalitetssystem

Som fagoperatør i akvakultur har du i hovudsak ansvaret for akvakulturorganismane og den biologiske produksjonen på akvakulturanlegg, medan havbruksteknikaren har eit større ansvar for tekniske operasjonar knytt til drift.

Kor jobbar fagoperatørar akvakultur (fiskeoppdrettarar)?

Fagoperatøren i akvakultur jobbar på ulike akvakulturanlegg og med ulike oppdrettsorganismar Du kan òg få jobb ved forskingsstasjonar, akvarium eller videreutdanne deg til ein jobb innan sal, FoU, forvaltning eller til dømes bioteknologi. Det er òg mogleg å jobba i utlandet.

Korleis er det å jobbe som fagoperatør akvakultur (fiskeoppdrettar)?

Mann med gul jakke og walkie-walki på brystet. Han står på en merde på havet, har på seg svart hjelm.

Fagoperatør akvakultur (fiskeoppdretter)

Ingar Folde

– Vi jobber hele tiden for at laksen skal ha det best mulig, være frisk og vokse seg stor og sunn, sier Ingar.
Portrettbilde. Tone Elise Nordbo står ute i arbedisklær og vernehjelm. Bak henne er det blå himmel og blått hav.

Fagoperatør akvakultur

Tonje Elise Nordbo

Akvakultur er en innovativ, fremtidsrettet og raskt voksende industri, forteller Tonje Elise Nordbo.

Viktige egenskaper for en fagoperatør akvakultur (fiskeoppdrettar)

Som fagoperatør i akvakultur bør du interessera deg for biologi og teknologi. Du må like å jobba med fysiske arbeidsoppgåver. Du jobbar tett saman med andre, og bør derfor like å jobba i team og ha gode samarbeidsevner.

Kva tener fagoperatørar akvakultur (fiskeoppdrettarar)?

Korleis utdannar du deg til fagoperatør akvakultur (fiskeoppdrettar)?

Utdanning til fagarbeidar i akvakulturfag er et yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Videreutdanning

Havbruk og akvakultur
Fagskole
Se utdanninger og steder

Kva for ei utdanning er vanlegast for fagoperatørar akvakultur (fiskeoppdrettarar)?

Kva jobbar akvakulturutdanna med?

  • 651507 - Bachelor, akvakultur / næringsmiddelteknologi, treårig
  • 651501 - Akvakultur, lavere nivå
  • 471901 - Akvakulturfaget, Vg3
  • 471101 - Fiske og fangst, Vg3
  • 458104 - Sjømatproduksjon, Vg3
  • 571901 - Fagskoleutdanning, akvakultur
  • 571902 - Fagskoleutdanning, akvakultur, toårig
  • 571903 - Fagskoleutdanning, ledelse i havbruksoperasjoner, ettårig
  • 571904 - Fagskoleutdanning, ledelse sjøbasert akvakultur, ettårig
  • 571906 - Fagskoleutdanning, resirkulerande akvakultursystem
  • 571905 - Fagskoleutdanning, vannkjemi, mikrobiologi og fiskehelse innen akvakultur, halvårig

Bedrifter: Kor jobbar fagoperatørar akvakultur (fiskeoppdrettarar)?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med fagoperatørar akvakultur (fiskeoppdrettarar)

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 6310110 - FORSØKSTEKNIKER (FISKEOPPDRETT)
  • 6310109 - FISKERØKTER
  • 6310108 - PRODUKSJONSMEDARBEIDER (FISKEOPPDRETT)
  • 6310106 - FORMANN (AKVAKULTUR)
  • 6310105 - AKVAKULTURARBEIDER
  • 6310104 - FAGOPERATØR (AKVAKULTUR)
  • 6310103 - RØKTER (AKVAKULTUR)
  • 6310102 - FAGARBEIDER (AKVAKULTUR)
  • 6310101 - FISKEOPPDRETTER
  • 1311107 - LEDER (FISKEOPPDRETTSANLEGG - FÆRRE ENN 10 ANSATTE- PRIVAT VIRKSOMHET)
  • 1221138 - FAGSJEF INNEN AKVAKULTUR MV.
  • 1221138 - FAGSJEF INNEN AKVAKULTUR MV.

Andre yrke

Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar jobbar du med akuttmedisin, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade.
Bussjåfør kjører inn på busstasjon

Bussjåfør

Som bussjåfør er di viktigaste oppgåve å transportera passasjerar på ein trygg, miljøvennleg og komfortabel måte.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
Ein mann reparerer en datamaskin.

IT-konsulent

Som IT-konsulent hjelper du verksemder med å utvikla, optimalisera og halda ved like IT-system.
En mannlig markedssjef peker på en post-it lapp på et whiteboard.

Marknadssjef

Marknadssjefen har ansvaret for marknadsaktivitetane i ei bedrift.
Politijurist i rettssak.

Politijurist

Politijuristar har leiarstillingar i politi- og påtalemyndigheitene.
Tannlege polerer tennene til en pasient, mens en tannhelsesekretær holder et beger med slipepasta som brukes i poleringen.

Tannhelsesekretær

Tannhelsesekretæren assisterer tannlegen, og har hovudansvaret for hygiene og smittevern på tannklinikken.
Osteopat behandlar nakke.

Osteopat

Osteopatar behandlar plager i musklar og skjelett. Dei ser korleis kropp, sinn og livssituasjon påverkar helsa vår.
Maskinist sjekker instrumenter

Maskinist

Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av teknisk utstyr og maskiner om bord på skip og plattformer.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Fotballspillere på banen

Fotballspelar

Som profesjonell fotballspelar er du tilsett i ein klubb, og arbeider som fotballspelar på heiltid.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.