Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for restaurant og matfag 15. februar 2022

Ernæringskokk

Ernæringskokker lagar mat ved storkjøkken og institusjonar, basert på kunnskap om ernæring, kosthald og helse.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåvene til ernæringskokkar, tidlegare kalla for institusjonskokkar, er stort sett dei same som for restaurantkokkar. Den største forskjellen er at ernæringskokken har kunnskapar om tilberedning og servering av spesialkost. 

Ernæringskokken har kunnskap om å tilpassa mat og rettar etter ulike behov, allergiar, intoleransar, livsstilssjukdommar og kost i ulike livsfasar. 

Som ernæringskokk har du kunnskap om korleis du kan laga diettar til dei som er sjuke, og kva ein bør eta for å halda seg frisk.

Dette yrket handlar mykje om å gleda dei du lagar maten for, med freistande rettar som kan gi positive matopplevingar.

Du må òg ha kunnskapar om regelverket innanfor hygiene og HMS.

Vanlege arbeidsoppgåver for ernæringskokken:

  • laga menyar, som gjerne kan følgja årstidene
  • velja ut, kjøpa inn og behandla råvarer 
  • laga kald og varm mat, både spesialkost, kvardagsmat og selskapsmat
  • vask og renhold av kjøkken

Ein del institusjonskokkar jobbar turnus.

Ofte jobbar du tett saman med kostøkonomar, kliniske ernæringsfysiologar, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar

Kor jobbar ernæringskokkar?

Som ernæringskokk kan du jobbe ved sentralkjøken eller storkjøken på sjukehus, sjukeheim eller andre helse- og omsorgsinstitusjonar. Du kan jobbe i personalkantiner, skolekantiner, barnehagar, skolar, Forsvaret, fengsel eller innanfor oljeindustrien.

Korleis er det å jobbe som ernæringskokk?

En mann med briller, hvit t-skjorte, blått forkle og hvit hatt. I bakgrunnen skimtes kjøkkenredskaper.

Ernæringskokk

Stig Frode Herigstad

– Yrket passer veldig godt for kokker som ikke vil jobbe kveldstid. Jeg har plass til meg, mitt liv og familie ved siden av jobben, sier Stig Frode.
Som ernæringskokk på et stort sykehus er kjøkkenredskapene tilpasset produksjonen. Anita Fogstad Løvli har den største vispen i hånden. Den er stor som en padleåre.

Ernæringskokk

Anita Fogstad Løvli

En interesse for hva mat betyr for helsen, spesielt når man er syk og svak gjorde at jeg valgte å bli ernæringskokk, sier Anita Fogstad Løvli.

Viktige egenskaper for en ernæringskokk

Ein ernæringskokk bør vere glad i å lage mat, vere nøyaktig og strukturert, samt kunne jobbe effektivt og planmessig. Kokkeyrket kan vere fysisk krevjande, derfor er det ein fordel å vere i god form. Det er viktig å ha gode samarbeidsevner.

Kva tener ernæringskokkar?

Korleis utdannar du deg til ernæringskokk?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Vil du ta videregående som voksen? Se hvilke tilbud som finnes!

Videreutdanning

Matteknikk
Fagskole
Se utdanninger og steder
Mat og drikke
Fagskole
Se utdanninger og steder

Kva for ei utdanning er vanlegast for ernæringskokkar?

Kva jobbar ernæringskokkutdanna med?

  • 458106 - Institusjonskokkfaget, Vg3
  • 458116 - Ernæringskokkfaget, Vg3

Bedrifter: Kor jobbar ernæringskokkar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med ernæringskokkar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5122131 - ERNÆRINGSKOKK
  • 5122105 - INSTITUSJONSKOKK

Andre yrke

Kvinnelig vernepleier hjelper mann i rullestol med en mobiltelefon.

Vernepleiar

Som vernepleiar rettleier og tilrettelegg du for menneske med fysiske, psykiske eller sosiale funksjonsnedsettingar.
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

Ein anestesisjukepleiar tek vare på pasientar før, under og etter dei får bedøving for operasjonar, undersøkingar og behandlingar.
Nettverkstekniker jobber foran PC

Nettverksteknikar

Ein nettverksteknikar skal drifta, halda ved like og forbetra datanettverk.
Automatiker i arbeid.

Automatikar

Ein automatikar monterer og held ved like automatiserte system.
Jente stabler trekuler under oppsyn av kvinnelig ergoterapeut.

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.
Gynekolog

Gynekolog

Ein gynekolog er ein lege med spesialisering i faget kvinnesjukdommar og fødselshjelp.
Hender på et bord med tegninger, saks, målebånd og annet utstyr.

Klesdesignar

Som klesdesignar utviklar og bestemmer du snitt, form, materialar, fargar og funksjon for klede.
En mur- og flislegger arbeider med store fliser

Mur- og flislegger

Mur- og flisleggeren bygger, held ved like og restaurerer bygningar, bygningsdetaljar, anlegg og andre konstruksjonar i mur- og flisprodukt.
Redaktør snakker i mobilen

Redaktør

Ein redaktør leier arbeidet i ein redaksjon eller eit mediehus, og avgjer kva som skal publiserast. Redaktøren har det faglege, etiske og som hovudregel også rettslege ansvaret for innhaldet.
Taxisjåfør sitter i førersetet på en bil

Taxisjåfør

Som taxisjåfør transporterer du passasjerar.
Voksen mann sitter i en sofa og lytter til en kvinne

Psykoterapeut

Psykoterapeutar brukar samtaleterapi og andre metodar for å auke livskvalitet og betre menneske si mentale helse.
Overstyrmannen sitter ved kontrollpanelene på brua på et skip.

Overstyrmann

Som overstyrmann har du ansvaret for stabiliteten til skip, samt lasting og lossing.