Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for elektro og datateknologi 09. august 2024

Elektrikar

Elektrikarar monterer, bygger og held ved like elektriske anlegg og elektrisk utstyr.

Arbeidsoppgaver

Ein elektrikar jobbar med å bygge og halde ved like elektriske installasjonar og anlegg for elektronisk kommunikasjon, alarm og sikkerheit.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein elektrikar:

  • bygge og halde ved like elektriske anlegg og elektrisk utstyr
  • feilsøke, reparere og utføre service på eksisterande anlegg
  • bygge og halde ved like elektroniske kommunikasjonsanlegg

Elektrikarar utfører arbeidet sitt i private heimar og alle andre typar bygningar. Ein elektrikar jobbar også i industri, landbruk, skipsbygging, olje- og gassindustri.

Tilsynsmyndigheitene i Noreg krev at ein elektrikar må ha fagbrev for å ha lov til å jobbe sjølvstendig.

Kor jobbar elektrikarar?

Ein elektrikar skal vere tilsett hos ein registrert elektroinstallatør eller i ei industribedrift.

Bli med ein elektrikar på jobb

Korleis er det å jobbe som elektrikar?

Mann med sort og rød arbeidsuniform. Han har brunt hår og brunt skjegg. Står med hendene i lomma og smiler til kamera.

Elektriker

Kristian Grønnestad

– Jeg husker spesielt at jeg syntes det var gøy å se hvordan et hus gikk fra å være mørkt til å bli lyst. Man ser en konkret endring, og det man gjør har en tydelig effekt, sier Kristian.
Mann med blondt hår og svart t-skjorte står i hvitt rom. Det står Alfred Nesset på t-skjorten hans.

Elektriker

Lars Bjerknes

– Vi har det slik i dette selskapet at hvis man tar på seg ansvar, så får man frie tøyler gjennom arbeidsdagen, så lenge vi utfører arbeidet, forteller Lars.
Håvard er en elekktiker som liker jobben sin.

Elektriker

Håvard Alnes

Håvard Alnes er så glad i elektro at han stilte til NM i elektrofag. – Et stadig større press på miljøet betyr en trygg framtid for faglærte elektrikere, sier han

Viktige egenskaper for en elektrikar

Som elektrikar bør du kunne arbeide systematisk og nøyaktig. Logisk tenking og vurdering er viktig. Du bør også vere ansvarsbevisst. Det er eit fysisk aktivt yrke. 

Du bør også ha teknisk interesse. Du kan ha mykje kontakt med kundar avhengig av kor du jobbar. Derfor er det ein fordel å vere god til å kommunisere. 

Kva tener elektrikarar?

Korleis utdannar du deg til elektrikar?

Utdanning til elektrikar er et yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring. 

Vil du ta videregående som voksen? Se hvilke tilbud som finnes!

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Med fagbrev i elektro er det fleire moglegheiter for vidareutdanning på fagskole eller høgskole. Etter to år på fagskole er du utdanna fagteknikar. Som fagteknikar kan du starte egen bedrift, eller vere kvalifisert til leiarstilling innanfor ditt fagområde. I tillegg er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Elektro
Fagskole
Se utdanninger og steder

Kva for ei utdanning er vanlegast for elektrikarar?

Kva jobbar elektrikarutdanna med?

  • 555133 - Fagskoleutdanning, elektrotekniker, halvårig
  • 555119 - Fagskoleutdanning, elektronikk, toårig
  • 555116 - Fagskoleutdanning, elektro – fordypning bioenergi
  • 555110 - Fagskoleutdanning, elektronikk
  • 555107 - Teknisk fagskole, linje for elektro, toårig
  • 555106 - Teknisk fagskole, linje for elektronikk
  • 555102 - Teknisk fagskole, linje for elkraftsteknikk
  • 455107 - Energioperatørfaget, Vg3
  • 455103 - Elektrikerfaget, Vg3

Bedrifter: Kor jobbar elektrikarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med elektrikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7241101 - ELEKTRIKER
  • 7241122 - ELEKTRIKERFORMANN
  • 7241136 - FAGARBEIDER (ELEKTRIKER)
  • 7241132 - ARBEIDSLEDER (ELEKTRIKER)
  • 7241135 - FORMANN (ELEKTRIKER)
  • 7241142 - KJØLEMONTØR (ELEKTRIKER)
  • 7241148 - KULDEMONTØR (ELEKTRIKER)
  • 7241144 - SERVICETEKNIKER (ELEKTRIKER)
  • 7241139 - SPESIALARBEIDER (ELEKTRIKER)

Andre yrke

Menneske som ruller ferdigplen.

Anleggsgartnar

Anleggsgartnarar byggar, driftar og held ved like uteområde.
Børsemaker jobber med rifle

Børsemakar

Børsemakaren arbeider hovudsakleg med å reparere og tilpasse våpendelar og våpen.
Hundeskolen Veiviseren i Vestby trener førerhunder og servicehunder.

Førarhundtrenar

Førarhundtrenaren trenar opp førarhundar til blinde og svaksynte.
Journalist intervjuer kvinne

Journalist

Journalisten samlar inn informasjon og formidlar han vidare i aviser, nettaviser, fjernsyn eller radio. Sakene omhandlar ofte nyhende eller aktuelle hendingar.
Massasjeterapeut masserer nakke

Massasjeterapeut

Ein massasjeterapeut løyser opp og førebygger spenningar i muskulaturen til klientar.
Portør

Portør

Portørar transporterer pasientar, medisinar og utstyr på sjukehus eller behandlingsinstitusjonar.
En tannpleier tar etter et instrument på et bord

Tannpleiar

Tannpleiararar undersøkjer og behandlar tenner og tannkjøt. Dei hjelper pasientar med å lære god munnhygiene og sunne vanar for tennene.
Brønnoperatør jobber offshore

Brønnoperatør komplettering

Ein brønnoperatør i komplettering monterer, testar, installerer, held ved like og reparerer komponentar til brønnkomplettering.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.