Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Norsk dyrepleier- og assistentforening 28. mars 2025

Dyrepleiar

Som dyrepleiar hjelper du veterinæren i det daglege arbeidet. Arbeidsdagen består av omsorg, pleie og behandling av dyr.

Arbeidsoppgaver

Som dyrepleiar består arbeidsdagen din av omsorg, pleie og oppfølging av behandla dyr. Dyrepleiarar jobbar med kundebehandling, hygiene og anna arbeid som inntreffer på dyreklinikkar. Nokon dyrepleiarar jobbar på forsøksdyravdelingar.

Arbeidsoppgåvene til dyrepleiarar på dyreklinikkar varierer noko. Felles er likevel det å ta vare på pasientar i nært samarbeid med mellom anna veterinærar.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein dyrepleiar på klinikk er:

  • ta imot og ta vare på pasientar og eigarar
  • røntgen og prøvetaking av til dømes blod-, urin- og avføringsprøvar
  • pleie av pasientar
  • stell av sår, reins av tenner og klipp av klør
  • operasjonspleie
  • rettleie dyreeigarar om fôr, pass og stell
  • laboratoriearbeid
  • drifts- og hygieneoppgåver
  • resepsjonsarbeid og kundebehandling

Som dyrepleiar må du vere førebudd på tunge løft og ei uregelmessig arbeidstid; det kan vere du må jobbe på kveldstid og i helgene. For å jobbe som dyrepleiar i Norge, må du ha autorisasjon av Mattilsynet.

Kor jobbar dyrepleiarar?

Dyrepleiaren jobbar ofte ved dyreklinikkar eller forsøksdyravdelingar, i legemiddelindustrien, hos leverandørar av fôr og utstyr eller i forsikringsbransjen.

Bli med ein dyrepleiar på jobb

Korleis er det å jobbe som dyrepleiar?

Ei dame i mørkeblå kittel. Hun holder en lys hund. Hun ser rett i kameraet og smiler. Bildet er tatt ute foran inngangen til en dyreklinikk.

Dyrepleier

Sofie Reinmann

– Jeg har en veldig givende jobb, hvor jeg får hjelpe mange dyr, forteller Sofie.
Portrettbilde av dyrepleier Irmelin. Hun har brunt hår i hestehale og grønn arbeidsskjorte på.

Dyrepleier

Irmelin Almås

Det er veldig givende å kunne hjelpe dyr som er syke eller i smerte, forteller dyrepleier Irmelin Almås.

Viktige egenskaper for en dyrepleiar

Dyrepleiaren må vere interessert i dyr og velferda til dyra. Du må ha god evne til å kommunisere med menneske og vere omsorgsfull, empatisk og sørvisinnstilt. Du må ha evne til å takle kritiske situasjonar og høgt tempo.

Kva tener dyrepleiarar?

Korleis utdannar du deg til dyrepleiar?

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Dyrepleiarar kan ta etter- og vidareutdanning innan mellom anna anestesi, tenner og rehabilitering.
Norsk Dyrepleier og Assistentforening (NDAF) arrangerer kurs for dyrepleiarar.

Kva jobbar dyrepleiarutdanna med?

  • 667205 - Bachelor, dyrepleie, treårig
  • 667204 - Tilleggsutdanning for utenlandske dyrepleiere
  • 667203 - Høgskolekandidat, dyrepleierutdanning, toårig
  • 667202 - Dyrepleierutdanning, toårig
  • 667201 - Dyrepleierutdanning, ettårig

Bedrifter: Kor jobbar dyrepleiarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med dyrepleiarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3227101 - DYREPLEIER

Andre yrke

En eldre kvinne i en terapitime

Klinisk sosionom

Som klinisk sosionom jobbar du for å forbetra evna menneske har til å fungera fysisk, psykisk og sosialt.
Kvinneleg kokk på et kjøkken

Kokk

Kokkar jobbar med å lage mat, setje opp menyar, planlegge innkjøp og velje ut råvarer.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Forfatter i ar­beid på kon­to­ret.

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.
Husøkonom

Husøkonom

Som husøkonom har du ansvar for reinhald i større verksemder.
Legemiddelkonsulent snakker med kollega

Legemiddelkonsulent

Ein legemiddelkonsulent sel og marknadsfører legemiddel til legar, apotek og sjukehus.
En dame sitter foran en PC, foran skjermen ligger en åpen bok med tekst

Omsetjar

Omsetjarar omset skrifter frå eit språk til eit anna.
En mann monterer et lysarmatur på rekkverket i en oljeplattform

Maritim elektrikar

Ein maritim elektrikar jobbar med drift og vedlikehald på elektriske anlegg, komponentar og instrument på skip.
Ung IKT-servicemedarbeidar jobbar på PC.

IKT-servicemedarbeidar

Ein IKT-servicemedarbeidar jobbar med drift og vedlikehald av nettverk og programvare, brukarstøtte og service.
En kardiolog lytter med et stetoskop på hjertet til en jente

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.
Illustrasjonsbilde av en mann foran en datamaskin.

Interaksjonsdesignar

Interaksjonsdesignaren formar ut brukargrensesnitt for nettstader, programvare og andre tekniske system vi nyttar i kvardagen.
En voksen kvinne sitter ved et bord sammen med tre barn og legger puslespill. Barna sitter tett rundt bordet og samarbeider, mens kvinnen følger med og hjelper.

Barne- og ungdomsarbeidar

Ein barne- og ungdomsarbeidar arbeider med pedagogiske tilbod for born og ungdom.