Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for restaurant og matfag 12. februar 2026

Bartender

Bartenderar jobbar i bar, og er ein viktig servicemedarbeidar som bedrifta sitt ansikt ut.

Arbeidsoppgaver

Vanlege arbeidsoppgåver for ein bartender:

  • Gjera klar drikkevarer, både med og utan alkohol
  • Gi tilrådingar til gjestene
  • Sørga for påfyll av varer og oppdatering av sortiment
  • Holde baren og borda reine og ryddige

Kor jobbar bartendere?

Bartenderar kan jobba på mange ulike stader, til dømes på pub, bar, nattklubb, restaurant eller andre serveringstader. Andre arbeidsplassar kan til dømes vere festivalar, hotell, lukka events eller cruiseskip.

Korleis er det å jobbe som bartender?

Dame tapper øl

Bartender

Tiril Haug

– I baren er det som om vi er en familie, og de andre barene er på en måte slektninger, sier bartender Tiril Haug.
Portrettbilde av bartender Pål Markussen med skjegg og rød og hvit trøye

Bartender

Pål Markussen

For bartender Pål Markussen ble jobben så spennende at han etablerte egen bedrift og stortrives med høyt tempo og det sosiale livet.

Viktige egenskaper for en bartender

Bartenderar må ha gode kommunikasjonseigenskapar, så du må like å omgåast andre menneske og vere serviceinnstilt. Du må like å jobbe i ein ofte hektisk arbeidskvardag. Du må vere ansvarsbevisst og kunne opptre bestemt i vanskelege situasjonar. Det er også ein fordel med gode språkkunnskapar. 

Kva tener bartendere?

Korleis utdannar du deg til bartender?

Mange bartenderar har inga formell utdanning innan faget. Ofte vil du få opplæring frå arbeidsgjevaren, og det finst òg private skoletilbod for opplæring som bartender. For bartenderar vil det òg vere relevant med fagbrev som servitør. 

Videreutdanning

Som bartender finns det fleire moglegheiter for vidareutdanning anten i Noreg eller i utlandet. Brennevin, sigarar, vinkelner (sommelier), siderekspert (pommelier), ølkelner (ølsommelier), barista, hotelleiing og reiselivsleiing er nokre aktuelle vidareutdanningar i yrket

Bedrifter: Kor jobbar bartendere?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med bartendere

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5123108 - BARTENDER
  • 5123119 - BARMEDARBEIDER
  • 5123101 - BARKEEPER
  • 5123120 - BARSJEF
  • 5123123 - PUBMEDARBEIDER
  • 5123107 - PUBVERT
  • 5123122 - KROVERT

Andre yrke

En konditor sprøyter ut kakedeig på en stekeplate

Konditor

Som konditor arbeider du med å lage, pynte og setje saman kaker av ulikt slag.
Musikere

Musikar

Musikarar skaper, framfører og koordinerer musikk innan ei rekke sjangrar og stilarter.
Regissør i filmstudio

Regissør

Ein filmregissør er kunstnarisk leiar og utviklar av ei filminnspeling. Regissøren leier også etterarbeidet av det som er filma.
Veterinær med katt

Veterinær

Veterinæren behandlar og førebygger sjukdommar hos dyr, men jobbar og med mattryggleik og dyrevelferd.
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

Ein anestesisjukepleiar tek vare på pasientar før, under og etter dei får bedøving for operasjonar, undersøkingar og behandlingar.
Nettverkstekniker jobber foran PC

Nettverksteknikar

Ein nettverksteknikar skal drifta, halda ved like og forbetra datanettverk.
Automatiker i arbeid.

Automatikar

Ein automatikar monterer og held ved like automatiserte system.
Klinisk ernæringsfysiolog i dialog med klient.

Klinisk ernæringsfysiolog

Ein klinisk ernæringsfysiolog har god kunnskap om korleis kosthald påverkar helse. Dei bruker denne kunnskapen til å førebyggja og behandla sjukdom knytt til ernæring.
To heismontører jobber med en heis

Heismontør

Heismontørar monterer, reparerer og held ved like heisar og rulletrapper.
En mann desginer på en pc

Mediedesignar

Ein mediedesignar jobbar med medium og kommunikasjon.
Professor underviser ein gruppe studentar.

Professor

Professoren forskar, underviser og rettleiar studentar.
Teknisk tegner bruker dataverktøy i jobb

Teknisk teiknar

Ein teknisk teiknar lagar arbeidsteikningar for blant anna bygg, maskiner og anleggsprosjekt.