Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for helse og oppvekstfag 17. februar 2022

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.

Arbeidsoppgaver

Ein apotekteknikar arbeider i apotek under fagleg leiing av farmasøytar.

Apotekteknikaren hjelper kundane med å finne riktig legemiddel og bidreg med rettleiing og rådgiving om riktig bruk av legemiddel. Apotekteknikaren kontrollerer at medisinane ein deler ut til kundane stemmer overeins med det legen har gjeve resept på.

Vanlege arbeidsoppgåver for apotekteknikaren:

  • ekspedering av legemiddel, reseptmedisin, sjukepleie-, hudpleie- og andre varer apoteket sel
  • informere om korleis ein skal bruke legemiddel og andre varer 
  • astma- og diabetesrettleiing
  • føflekkscanning
  • vaksinering
  • handtere varer – klargjere og handtere bestillingar

Apotekteknikaren kontrollerer at medisinane som blir delte ut til kundane stemmer overeins med medisinane som legen har gitt resept på. Som apotekteknikar kan du gi råd til kundane om korleis dei skal bruka medisinar og andre varer apoteket sel. Apotekteknikaren kan dessutan ofte ha ansvar for rekneskap, IKT og marknadsføring. Du må halda deg oppdatert på utviklinga i bransjen.

Nokre av arbeidsoppgåvene til ein apotekteknikar kan vere laboratoriearbeid, men det er ikkje så vanleg i apotek lenger. Det er for det meste i sjukehusapotek det kan vere laboratoriearbeid i dag. 

Det krevst autorisasjon som helsepersonell for å kunne arbeide som apotekteknikar. 

Kor jobbar apotekteknikarar?

Dei fleste apotekteknikarane arbeider i private eller offentlege apotek, men det er òg mogleg å få andre jobbar i legemiddelbransjen. 

Bli med ein apotekteknikar på jobb

Korleis er det å jobbe som apotekteknikar?

Portrettbilde av en dame med langt, mørkeblond hår og hvit topp. Bakgrunnen er lys rosa

Apotektekniker

Henriette Lima

– Som apotektekniker er du i daglig kontakt med kunder, og det er derfor viktig å være imøtekommende, serviceinnstilt og ha et genuint ønske om å hjelpe andre, forteller Henriette Lima.
Ei dame med mørkt, lang hår. Hun har på seg apotekuniform. Hun smiler og ser rett i kamera.

Apotektekniker

Gunn-Celin Knudsen

– Som apotektekniker gir jeg råd og veiledning til kunder om medisinbruk, sier Gunn-Celin.
Apotekertekniker Marcus-Andre foran inngangen til apotek 1 i Tønsberg.

Apotektekniker

Marcus-Andre Dahl Jørgensen

Det er en jobb med mye småprating og man lærer seg å bli en menneskekjenner, forteller Marcus-André om jobben som apotektekniker.

Viktige egenskaper for en apotekteknikar

Du bør vera flink til å kommunisera, vera serviceinnstilt, opptatt av etikk og interessert i å oppdatera deg fagleg. Du må ha evne til både å jobba sjølvstendig og i team.

Kva tener apotekteknikarar?

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Korleis utdannar du deg til apotekteknikar?

Vil du ta videregående som voksen? Se hvilke tilbud som finnes!

Videreutdanning

Etter og vidareutdanning

Apotekforeningen tilbyr etterutdanning for apotekteknikarar, for eksempel kurs innan kosthald og ernæring, veterinærmedisin, hjarte- og karsjukdomar, eksem og psoriasis. 

Kva jobbar apotekteknikarutdanna med?

  • 466301 - Apotekteknikk, Vg3
  • 466303 - Apotekteknikk, Vg3, grunnkompetanse
  • 466302 - Apotekteknikerutdanning, videregående, avsluttende utdanning

Bedrifter: Kor jobbar apotekteknikarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med apotekteknikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5137101 - APOTEKTEKNIKER
  • 5137103 - FØRSTEAPOTEKTEKNIKER
  • 5137102 - LEDENDE APOTEKTEKNIKER

Andre yrke

Petroleumsingeniør i arbeid

Petroleumsingeniør

Som petroleumsingeniør arbeider du i olje- og gassbransjen, gjerne med ansvar for område som produksjon, boring eller reservoar.
Spesialpedagog underviser barn.

Spesialpedagog

Ein spesialpedagog legg til rette for gode lærings- og oppvekstvilkår for personar som har særskilde læringsbehov.
Hestefaglært forer hest ute på paddock.

Hestefaglært

Som hestefaglært kan du arbeide med mange ulike oppgåver innan hestehald, til dømes fôring og reinhald.
Branningeniør sjekker brannvarslingssystem

Branningeniør

Branningeniørar arbeider med bygnings- og branntryggleik. Å gi råd og gjennomføre kontrollar er blant dei viktigaste arbeidsoppgåvene.
Fasaden av Oslo Børs.

Aksjemeklar

Ein aksjemeklar kjøper og sel aksjar og andre aksjeliknande verdipapir.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
En fotballtrener gir instrukser til en fotballspiller.

Fotballtrenar

Profesjonelle fotballtrenarar jobbar med å utvikla fotballspelarar og fotballag.
Industridesigner

Industridesignar

Industridesignarar utformar produkt, tenester, programvarer og system for privat næringsliv og offentleg sektor.
Los på losbåten.

Lós

Ein lós er ein navigatør som leier skip gjennom norske farvatn.
To sivilingeniører inspiserer et teknisk rom

Sivilingeniør

Sivilingeniørar lagar nye teknologiske løysingar og jobbar med forsking, undervisning, prosjekt og leiing.
Satellitteknologi.

Romteknolog

Som romteknolog arbeider du med forsking og utvikling av romrelatert teknologi.
Illustrasjonsbilde av intensivsykepleier i arbeid.

Intensivsjukepleiar

Ein intensivsjukepleiar behandlar og pleier pasientar med akutte eller kritiske sjukdommar og skadar.