Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Verdipapirforetakenes forbund 29. september 2025

Aksjemeklar

Ein aksjemeklar kjøper og sel aksjar og andre aksjeliknande verdipapir.

Arbeidsoppgaver

Bedrifter som aksjemeklarar jobbar for blir kalla meklarhus. Som aksjemeklar jobbar du der og handlar aksjar for kundane. Når ein kunde kjøper aksjar kjøper dei ein del av eit selskap. Kunden kan tena pengar viss selskapet gjer det bra. Då stig verdien av aksjane. Dei kan selja aksjane for meir enn dei kjøpte dei for. Dei kan også tapa pengar viss selskapet ikkje gjer det bra.

Som aksjemeklar kan du ha både bedrifter og private som kundar. Ein vanleg arbeidsdag for ein aksjemeklar er ofte lang. Aksjar og andre papir blir kjøpte og selde når Børsen er open frå 09.00-16.30. Du må også jobba før og etter denne tida. Då har du møte, planlegging og følgjer opp kundar. Du må også halda deg oppdatert på nyheiter i marknaden. Som aksjemeklar må du rekna med lange arbeidsdagar.

Meklarhus ser ofte etter personar som er entusiastiske og målretta. Det er viktig å kunna visa tilbake til gode resultat på skulen, men det er kanskje endå viktigare å skaffa seg erfaring gjennom engasjement i til dømes relaterte skuleprosjekt, sommarjobb og internship i bank, meklarhus eller andre finansinstitusjonar. Salserfaring er også veldig relevant for dette yrket.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein aksjemeklar:

  • kjøpa og selja aksjar og andre verdipapir for kundar
  • gi råd og tips til kundane om kva aksjar dei bør selja eller kjøpa, ut i frå analysar av marknaden som finansanalytikarar har gjort
  • erfarne aksjemeklarar kan også gi råd ut i frå eigne oppfatningar og kjennskapar til behovet til kundane
  • økonomisk rådgiving til kundane, til dømes gjennom å tilrå kunden å kjøpa eller selja bedrifter i ein marknad
  • skaffa aksjekapital til bedrifter som har behov for å styrkja eigenkapital

Kor jobbar aksjemeklarar?

Aksjemeklaren arbeider i meklarhus og i bankar.

Korleis er det å jobbe som aksjemeklar?

Dame med lys skjorte og svart blazer og grått hår poserer ved et rekkverk. Logoen til DNB vises i bakgrunnen. Det er også mange pc-skjermer i bakgrunnen.

Aksjemegler

Tone Trandokken

– Det er gøy å snakke med mange dyktige investorer og hjelpe til med finansiering til spennende selskaper og flinke gründere, sier Tone.
Portrett av aksjemegler Markus kledd i dress og slips.

Aksjemegler

Markus Berntsen Busch

- Det er spennende å hjelpe selskaper med å hente penger og være med på verdiskaping, forteller Markus.

Viktige egenskaper for en aksjemeklar

Som aksjemeklar tel dei personlege eigenskapane dine i tillegg til økonomiutdanninga. Du bør vere god å kommunisere, vera sjølvstendig og du må vera genuint interessert i aksjar og aksjemarknaden. Integritet er også veldig viktig, fordi kundane må stola på deg for å tora å følgja råda du gir dei. Aksjemeklaryrket krev at du jobbar godt under tidspress.

Kva tener aksjemeklarar?

Korleis utdannar du deg til aksjemeklar?

Aksjemeklarar har i hovudsak utdanning innanfor økonomi og/eller finans og makroøkonomi. Store meklarhus tek inn økonomar og gir intern opplæring. Dei mest relevante studiane er siviløkonomstudiet eller finansstudiet.

Dei fleste store meklarhus er medlem av Verdipapirforetakenes Forbund som har ei eiga autorisasjonsordning for tilsette i medlemsbedrifta. I denne ordninga får du opplæring i rettsreglane som gjeld for aksjemeklarar.

Kva for ei utdanning er vanlegast for aksjemeklarar?

Kva jobbar denne utdanningsgruppa med?

  • 759915 - Master, teknologi, industriell økonomi og teknologiledelse, femårig
  • 741129 - Master, finansiell økonomi, toårig
  • 741106 - Finansanalytiker, autoriseringsstudium
  • 641150 - Bachelor, bank og finans, treårig

Bedrifter: Kor jobbar aksjemeklarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med aksjemeklarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3411101 - AKSJEMEGLER
  • 3411127 - PORTEFØLJESELGER
  • 3411119 - FAGSJEF (FINANS)
  • 3411108 - PORTEFØLJEFORVALTER
  • 3411102 - FONDSMEGLER
  • 3411103 - MEGLER (FINANS)
  • 3411109 - BØRSMEGLER
  • 3411110 - BEVILLINGSINNEHAVER (FONDSMEGLER)
  • 3411128 - MEGLERASSISTENT (AKSJEMEGLING)
  • 3432128 - OPPGJØRSMEDARBEIDER (AKSJE-, FINANS- OG FONDSMEKLING)
  • 3411133 - TRADER (AKSJER)

Andre yrke

Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
Frisør klipper kunde.

Frisør

Frisøren klipper, formar, fargar og endrar strukturen til ulike typar hår.
Interiørarkitekt

Interiørarkitekt

Ein interiørarkitekt planlegg korleis hus og bygningar skal sjå ut innvendig.
En marinbiolog undersøker tang i fjæra

Marinbiolog

Marinbiologar jobbar med å forske på vekstar, dyr og organismar i vatn.
To politimenn står foran en politibil.

Politi

Det finst mange ulike jobbar i politiet og påtalemyndigheitene.
Metallarbeider som er i arbeid med sveising

Sveisar

Ein sveisar fører metalliske materiale saman ved press eller ved hjelp av varme.
Gravferdskonsulent planlegger gravferd sammen med etterlatte

Gravferdskonsulent

Ein gravferdskonsulent hjelper pårørande i samband med dødsfall og gravferder. Gravferdskonsulenten ordnar det praktiske, og vil vere ein støtte for pårørande ved dødsfall.
Elektrofagarbeider i arbeid.

Elektrofagarbeidar

Elektrofagarbeidaren har kompetanse innan ei rekke elektrofaglege område, mellom anna data- og elektronikksystem, elenergisystem og automatiseringssystem.
Advokat på kontoret.

Advokat

Advokatar gir juridiske råd, forhandlar på vegner av klientar og fører saker for retten.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Forsikringsrådgiver snakker med kunde.

Forsikringsrådgivar

Hovudoppgåva til forsikringsrådgivarar er å tilby og gi råd til kundar om kva typar forsikring dei treng.