Lagre i favoritter
Gjennomgått i samarbeid med Advokatforeningen 21. juni 2023

Advokat

Advokatar gir juridiske råd, forhandlar på vegner av klientar og fører saker for retten.

Arbeidsoppgaver

Jobben til advokaten handlar ofte om å vurdere saker som klienten kjem med og gi råd om korleis saka kan følgast opp. For privatpersonar kan sakene gjelde for eksempel spørsmål om arv, skilsmisse eller nabokonflikt. Advokatar som jobbar med forretningsjus og har bedrifter og store selskap som kundar, blir blant anna brukt som rådgivarar i forhandlingar og når det blir skrive avtalar.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein advokat:

  • gi rettslege råd om kva som er lov og ikkje lov
  • føre forhandlingar med ein motpart
  • utforme juridiske dokument, som for eksempel testament, ektepakt, kontraktar og lignende
  • representere klientar i sivile rettssaker
  • forsvare tiltala i straffesaker
  • bistå offera i straffesaker (bistandsadvokat)

Nokre advokatar jobbar med strafferett, enten som forsvarsadvokatareller som bistandsadvokatar. Det er det offentlege som betaler desse oppdraga, men advokatane jobbar i eigne firma og er ikkje tilsett av staten.

Du kan også jobbe som bedriftsadvokat. Det vil seie at du er tilsett i bedrifta du jobbar for. Som organisasjonsadvokat er du tilsett i ein organisasjon, og utfører oppdrag for medlemmane i organisasjonen.

Advokatar i offentleg sektor kan for eksempel jobbe som:

  • statsadvokat
  • politiadvokat
  • riksadvokat 
  • annan type advokat for staten. Då representerer du staten og statens interesser
  • kommuneadvokat. Då representerer du interessene i kommunen

Ofte kan klienten si sak bli løyst utan å gå til ein domstol. Nokre gongar skjer dette gjennom mekling, og mange advokatar har etterutdanning innan advokatmekling.

Viss ein konflikt berre lèt seg løyse ved å ta han til retten, vil det vere ein advokat som fører saka. Begge partar i ein konflikt vil då ha ein advokat til å representere seg, og jobben til advokaten er å framføre dei beste argumenta for klienten sin.

Nokre advokatar er allmennpraktikarar og tek saker innanfor dei fleste rettsområda, for eksempel innan familierett, pengekrav, kontraktsrett, fast eigedom og strafferett. Andre jobbar spesialisert med enkelte rettsområde, som for eksempel EØS-rett, patentrett eller selskapsrett. 

Kor jobbar advokatar?

Som advokat kan du jobbe både i privat og offentleg sektor. Advokatar i privat sektor jobbar i advokatfirma, i private bedrifter eller organisasjonar. Mange startar også si eiga advokatverksemd og driv denne åleine eller saman med andre advokatar.

I det offentlege jobbar advokatar for eksempel hos Regjeringsadvokaten eller i store kommunar.

Bli med ein advokat på jobb

Korleis er det å jobbe som advokat?

En kvinne med langt blondt hår står ute foran et bygg med gule karmer. Hun smiler rett mot kamera. Hun har på seg en rutete blazer over en mørk genser.

Advokat

Marit Opsahl Juvkam

– Jeg pleier å si at som advokat på bygda praktiserer jeg 50 prosent som advokat, 30 prosent som økonom og 20 prosent som psykolog, forteller Marit.
En mann i gul t-skjorte og grønn skjorte smiler mot kamera.

Advokat

Fredrik Reinsborg

– Jeg liker å ta imot folk og høre deres historier. Når jeg får saken er det motiverende å kunne hjelpe de, sier advokat Fredrik Reinsborg.

Advokat

Hanne Elmenhorst

– Som advokat må du være god på å skille den viktige informasjonen fra den mindre viktige informasjonen, sier advokat Hanne Elmenhorst.
Portrettbilde advokat Hege Stenkløv

Advokat

Hege Robudal Stenkløv

– Det jeg liker aller best med yrket, er å bidra til å løse problemet eller utfordringen folk kommer til oss med, forteller Hege Robudal Stenkløv.

Viktige egenskaper for en advokat

Som advokat er det viktig å uttrykke seg godt både skriftleg og munnleg, og vere flink til å forstå skriftleg og munnleg framstilling. Det hjelper også å vere kritisk og sjølvstendig. Yrket inneber mykje kontakt med andre menneske. Derfor bør ein advokat ha gode mellommenneskelege evner. I tillegg må du ha grunnleggande respekt for rettssystemet og å overhalde lover og reglar. 

Kva tener advokatar?

Korleis utdannar du deg til advokat?

Når du er ferdig utdanna som jurist, kan du velje å gå vidare for å bli advokat. Det vanlegaste vil da vere å søke jobb som advokatfullmektig. Dette er ei læretid der du utfører mange av dei same arbeidsoppgåvene som ein advokat gjer, under rettleiing av ein advokat (prinsipal). 

Vanlegvis må du søkje deg inn på eit femårig masterprogram. No finst det òg masterutdanningar i rettsvitskap på to år, der du kan søkje deg inn med ein bachelorgrad i juss. Sjekk kva for bachelorgrader du kan søkje opptak med hos den enkelte utdanningsinstitusjonen.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Alle advokatar som er medlem i Advokatforeininga, må ta etterutdanning i form av kurs. Det blir stilt krav om 48 timar med etterutdanning i løpet av ein treårsperiode. Du kan lese meir om kravet om etterutdaning på advokatforeninga sine sider.

Kva for ei utdanning er vanlegast for advokatar?

Kva jobbar juristutdanna med?

  • 8371 - Rettsstudiet
  • 737908 - Master of Laws, North Sea Energy Law, 1½-årig
  • 737906 - Master of Laws, maritime law
  • 737905 - Master of Laws, information and communication technology law
  • 737904 - Master of Laws, public international law
  • 737102 - Master, rettsvitenskap, femårig
  • 737101 - Cand.jur.-utdanning, profesjonsstudiet

Bedrifter: Kor jobbar advokatar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med advokatar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2521106 - ADVOKAT
  • 2521107 - ADVOKATFULLMEKTIG
  • 2523103 - POLITIADVOKAT
  • 2523111 - FØRSTEKRIGSADVOKAT
  • 2523109 - KRIGSADVOKAT
  • 2523108 - GENERALADVOKAT
  • 2523107 - FØRSTESTATSADVOKAT
  • 2523104 - STATSADVOKAT
  • 2521112 - TRAINEE (ADVOKATKONTOR)
  • 2521110 - KOMMUNEADVOKAT
  • 2521105 - SENIORADVOKAT
  • 1227202 - REGJERINGSADVOKAT
  • 1210189 - ASSISTERENDE RIKSADVOKAT
  • 1210188 - ASSISTERENDE REGJERINGSADVOKAT
  • 1120118 - RIKSADVOKAT

Andre yrke

Kvinneleg kokk på et kjøkken

Kokk

Kokkar jobbar med å lage mat, setje opp menyar, planlegge innkjøp og velje ut råvarer.
Bilselger overleverer nøkler til kjøper av ny bil.

Bilseljar

Bilseljarar sel nye og gamle bilar.
Forfatter i ar­beid på kon­to­ret.

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.
Husøkonom

Husøkonom

Som husøkonom har du ansvar for reinhald i større verksemder.
Legemiddelkonsulent snakker med kollega

Legemiddelkonsulent

Ein legemiddelkonsulent sel og marknadsfører legemiddel til legar, apotek og sjukehus.
En dame sitter foran en PC, foran skjermen ligger en åpen bok med tekst

Omsetjar

Omsetjarar omset skrifter frå eit språk til eit anna.
En mann monterer et lysarmatur på rekkverket i en oljeplattform

Maritim elektrikar

Ein maritim elektrikar jobbar med drift og vedlikehald på elektriske anlegg, komponentar og instrument på skip.
Ung IKT-servicemedarbeidar jobbar på PC.

IKT-servicemedarbeidar

Ein IKT-servicemedarbeidar jobbar med drift og vedlikehald av nettverk og programvare, brukarstøtte og service.
En eldre kvinne i en terapitime

Klinisk sosionom

Som klinisk sosionom jobbar du for å forbetra evna menneske har til å fungera fysisk, psykisk og sosialt.
Barnehageassistent leser med barna.

Barnehageassistent

Som barnehageassistent hjelper du til med de daglege aktivitetane og gjeremåla i ein barnehage.
En kvinnelig fengselsbetjent i uniform står ute og snakker med en mannlig innsatt i oransje klær.

Fengselsbetjent

Fengselsbetjentar har ansvar for å følgja opp, rettleia og motivera menneske som sonar fengselsstraff.
Historiker studerer bok.

Historikar

Historikarar jobbar med å skape forståing for og kunnskap om den historiske utviklinga til menneska og verda.